Etter snart halvspelt sesong er Hødd sju poeng bak leiar Fredrikstad, men;

- Alt er mogleg, seier Nyland

Etter helgas serierunde er 2. divisjon avd. 1 halvspelt i år, og Hødd er på øvre tabellhalvdel. Men sju poeng fram til leiar Fredikstad kan vere i meste laget?

I farta: Unge spelarar som Peter Hasund (t.v.) og Bam Hide har fått tillit i år, og har gjort det godt. Hasund er toppscorar i klubben, medan han i fjor måtte spele midtstoppar for Hødd 2. No er han målscorar att, slik han trivst aller best med.   Foto: Svein Olav Humberset

Fotball

– Sei ikkje det. Det er opp til oss, alt er mogleg, meiner eg. Vinn vi kampane våre framover, så vil vi ikkje vere langt unna, trur trenar Sander Nyland.