Det seier Jan Arvid Berge, dagleg leiar og medeigar i Stranda Fjellgrend.

Dei begynte bygginga av vertikaldelte hytteeiningar i lafta tømmer i 2012, men har etter kvart gått over til litt mindre utgåver, horisontaldelte og med ståande bordkledning.

– Det viste seg at marknaden helst ville ha litt mindre og litt billigare hytter. Og det fekk dei, forklarer Berge.

Byggetrinn

Til våren er dei ferdige med byggetrinn ein, som består av 40 einingar. Om lag 30 av dei er ferdige til no.

– Vi håper på å kunne ta til med førebuingane til byggetrinn to, på 66 einingar, allereie før jul i år, legg Berge til.

Det dei satsar på er einingar på 52 til 58 kvadratmeter – to og to under kvart tak. Den nedste har tre soverom, den øvste har to soverom og hems. Og alle einingar har garasjeplass.– Vi leverer alt inventar – utanom møblar, utanom møblar – alt frå kvitevarer til vedomn.

Det viser det seg at kundane er godt nøgde med.

Berge fortel at dei sel fortløpande. Per dags dato er 32 selde. Mange er allereie innflytta.

– Kven er det som kjøper hytter i Stranda Fjellgrend?

– Hovudtyngda av kundane våre er familiefolk i 30–40 åra som likar å bruke skia. Og fjellgrenda ligg i gangavstand frå skitrekka, og langrennsløypa går rett forbi her, forklarer Jan Arvid Berge.

Ålesundarar

Han seier at det er mest ålesundarar, men også fleire frå Ulstein, Hareid, Stranda og Volda som har kjøpt seg fritidsbustad her.

– Har trongare tider i næringslivet lags kysten resultert i treigare sal av hytter på Strandafjellet?

– Nei, så langt har vi ikkje merka noko til det. Vi har faktisk ventelister her hos oss, seier Berge.

Når begge byggetrinna er ferdige, har Stranda Fjellgrend investert 200 millionar kroner på Strandafjellet.

Bak Stranda Fjellgrend står dei to selskapa Solø Invest og Merafta Eiendom.

Solø Invest er det Jan Arvid Berge som eig, medan det er dei to utflytta strandarane Vidar og Frode Mork som står bak Merafta Eiendom.

God utleigemarknad

Berge fortel at fleire av hytteeigarane leiger ut fritidsbustaden sin når dei ikkje sjølv er på fjellet. Det skjer helst gjennom Stranda Booking.

– Og det som overraska oss var at det faktisk er størst etterspørsel etter å leige hytter om sommaren. Det er fleire hytteeigarar her som tener 70.000-100.000 kroner i året på utleige.

Modular

Stranda Fjellgrend har etablert eit eige snikkarfirma som set opp hyttene, etter at dei er blitt produsert som modular ved ein verkstad i Straumgjerde.

Dagens avkøyrsle til hyttefeltet er ikkje ideell. Men Berge fortel at kommunen har vedteke ei ny kryssløysing som dei etter planen skal begynne på allereie i år. Og Berge har ros å kome med til kommunen:

– Eg vil skryte av politikarane i Stranda. Dei har heile tida vore positive til planane våre, seier Jan Arvid Berge.

Stranda Fjellgrend blir ferdige med første byggetrinn til våren. Foto: Terje Engås
Stranda Fjellgrend ligg like aust for skitrekket på Fursetsida på Strandafjellet. FOTO: STRANDA FJELLGREND Foto: Foto: Stranda Fjellgrend