Denne veka vedtok formannskap og kommunestyre i Sande kommunedelplanen. Dermed er dei to «vertskommunane» for Rovdefjordsambandet, Vanylven og Sande, einige. Kommunedelplanen gir dei som arbeider for å realisere Rovdefjordsambandet eit juridisk verktøy for å gå vidare og realisere planane for verdas første røyrtunnel omgitt av sjø.

Stort

– Dette er stort for oss som ønskjer å knyte saman ein arbeidsregion på vel 62.000 menneske på Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Med dette vert Rovdefjordsambandet også den første fjordkryssinga i prosjektet med å knyte Bergen og Ålesund betre saman. Vi opplever stor interesse både frå fylkeshald og frå Statens vegvesen, truleg fordi dei ser at dette vil verte eit pionerprosjekt som vil få store konsekvensar for samferdsla, seier Svein Gjelseth i ei pressemelding. Gjelseth er utviklingsnavigatør i Vanylven Utvikling AS.

Les også: Ålesund-politikere sa ja til lyntog – nei til Rovde

3500 meter

Løysinga for bruprosjektet mellom kommunane Vanylven og Sande er totalt 3500 meter lang, med røyrtunnel, flytebru og tunnelar i fjell. Seglingsdjupna over røyrtunnelen blir 14 meter, og løysinga er planlagd med gang- og sykkelsti.

Les også: Rovdefjord-sambandet ut på tredje gongs høyring