Dette er ikkje noko anna enn det reinaste fotografiske gull!

Familien Ratvik tok oppmodinga alvorleg. Slik kan vi dryge fem tiår etter fortelje at det var frammøte av alle dyr kl. 9. Fram til 12 var det einskilddøming. Etter matpausen klokka 13 var det så offisiell opning av sjået. Musikk. Opningstale. Dermed står vi midt oppe i tiårmotivet: Det er Velledalen sin store son, skodespelaren, instruktøren og teatersjefen Edvard Drabløs som les. Ikkje i opptak, men på direkten i mikrofonane utover stemneplassen ved Fogdegården.

Det har visst rent litt vatn i havet sia desse fesjåa. I dag reiser mange by-dyr bust straks dei får ferten av nynorsk. Gnålar om identitet og respekt. Rett artig. Vi har det vel snart som dei finare fruene i Bergen. Dei vart så altererte då føreordet i telefonkatalogen kom på nynorsk eit år at dei ikkje fekk til å ringje før feilen var retta.