Herøyreiaren har informert styret i selskapet om at han vil trekke seg som dagleg leiar i Rem Offshore frå mai, ifølgje ei børsmelding frå selskapet måndag ettermiddag.

Styret i Rem Offshore ASA har samstundes bestemt seg for å tilsette Arild Myrvoll i stillinga frå dette tidspunktet, heiter det vidare i meldinga.

Selskapet vil straks gå i gang med å finne ein erstattar for Myrvoll, som no er økonomiansvarleg.

Remøy forsikrar at han ikkje akkurat går med pensjonsplanar - og seier han vil ta over som styreleiar i selskapet.

– Men eg har både hus, hytte og fiskebåt, så eg kan til og med fare på fisketur om eg vil, seier han til smp.no.

Boka om Åge Remøy: – Eg ville gjort det same opp att

Ny toppsjef Arild Myrvoll til venstre samen med Åge Remøy på eit bilde frå 2012. Myrvoll vil ta over som ny dagleg leiar i reiarlaget i Fosnavåg. Foto: Torill Myren

Rem Offshore som Remøy har bygd opp sidan 1996, har no 500 tilsette. Reiarlaget har hovudkontor i Fosnavåg sentrum og 19 skip på sjøen og eit under bygging.

– Kvifor går du av no?

– Det har vore bestemt ganske lenge, sjøl om ikkje pressa har vore klar over det. Eg har lenge tenkt på å trekke meg tilbake. Eg er 65 år og det kan vere på tide og innta andre rolle, seier Remøy.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

– Vurderte du å utsetje avgjerda då du såg korleis marknaden i offshore utvikla seg?

– Nei, vi har kontinuitet i leiinga og det er ingen dramatikk i dette, svarar han.

– Kvifor er Myrvoll rett mann til å ta over?

– Han har vore i desse prosessane heile vegen, og vi har allereie vore gjennom ei hard tid det siste året. Han har vore tilsett sidan 2007 og kjenner til alt som går føre seg i selskapet, fortel Remøy.

Les også: Rem verdt mer enn Farstad

– Men Rem Offshore har sloppe lettare unna enn fleire andre?