På Olagarden i Straumgjerde står odelsgut Espen Høidal (32) på tunet framfor ein splitter ny traktor. Det har ikkje vore dyr på garden dei siste 60 åra, men no vil sykkylvingen starte eige småbruk. Utan erfaring og utan meining om kva landbruksyrket vil by på.

– Å starte gard har vore draumen heilt sidan eg var 10 år gammal. Då eg var yngre hjelpte eg mykje til på nabogardane, og eg elska det, seier Høidal. Tobarnsfaren tok nettopp over garden etter foreldra, saman med sambuaren Lene Ødegård.

– Det er tungt å satse på landbruk med ei løe og ein skog som ikkje har vore drifta på to generasjonar. Både erfaringsmessig og økonomisk, fortel Høidal.

Vanskeleg å vite

Høidal saknar meir relevant informasjon om korleis det er å drive landbruk, ikkje berre det å starte eitt.

– Det er mykje som er tungvint som ferskis i landbruksnæringa. Eg har vore i dialog med kommunen, men når ein ikkje veit kva ein skal spørje om, er det ikkje lett å få oversikt i prosessen. Det er mykje papirarbeid, men lite informasjon om den praktiske situasjonen eg kastar meg ut i, seier Høidal.

Den unge gardseigaren tok derfor saka i eigne hender, og fekk hjelp frå lokalsamfunnet. Spesielt vil han trekkje fram Tore Gjeldsten og Otto Magne Strømmegjerde som viktige støttespelarar.

– Eg har vore frampå og funne folk som hadde lyst og tid til å hjelpe meg. Utan dei hadde det vore eit håplaust prosjekt.

Vil styrke rekrutteringa

Manglande rekruttering til landbruksnæringa har vore eit aukande problem i heile landet. Det ønskjer Sykkylven, Stranda og Norddal kommune å gjere noko med.

Samarbeidsprosjektet «Med hjarte for levande bygder» er eit rekrutteringsprosjekt som i utgangspunktet skal halde fram i to år.

– Formålet med prosjektet er å styrke rekrutteringa til landbruket. Nyskaping, kompetanseheving og tettare samarbeid i fagmiljøa er noko av det prosjektet ser på, seier Mandy Häger, landbrukssjef i Sykkylven kommune.

Størst vekt er lagt på unge og nye gardseigarar og på gardar der framtida er usikker med omsyn til generasjonsskifte. Prosjektgruppa hjelper og dei som ønskjer å starte opp med nye bygdenæringar.

– Målsetninga er å synleggjere kvalitetane i bondeyrket og inspirere til nye næringar for å sikre drift på gardane, seier landbrukssjefen. Prosjektgruppa meiner rekruttering heng tett saman med inntekt, velferdsordningar og omdømme rundt næringa.

– Omdømme skaper status, nysgjerrigheit og interesse. Derfor er det viktig å skape ei konkurransedyktig næring med gode investeringsmoglegheiter, samstundes som vi må marknadsføre næringa på ein meir positiv måte, seier Häger.

Held kurs

I desse dagar held «Med hjarte for levande bygder» gratiskurs i eigarskifte i landbruket. Kurset er i samarbeid med Norddal rekneskap AS og Møre og Romsdal Bondelag. Norddal og Stranda har allereie hatt kurset, og i kveld er det Sykkylven som står for tur. Staden er formannskapssalen. Der er den nybakte gardseigaren, Espen Høidal påmeldt.

– Eg ønskjer å skaffe mest mogleg kunnskap om gardsdrift og kva rettar og pliktar eg har i eit eigarskifte, seier Høidal.

I første omgang er målet til Høidal å halde landskapet ope. Etter 60 år utan dyr er tomta i ferd med å gro att. Planen er å starte med 10 sauer.

– På sikt kjem det kanskje fleire dyr, men no har eg nok med å rydde skog for beitemark. 10 sauer held nok når ein er heilt nye i yrket, fortel han.

Som dagleg leiar i Møre Miljø-sanering AS, leiar i Straumgjerde Vel og tredje barnet på veg, har 32-åringen mykje på tapetet. Men han stressar ikkje: – Vi tek det rolig i starten, og ser korleis det går. Men har eg først bestemt meg for noko, gir eg meg ikkje så lett. Sjølv om enkelte av dei gamle gardseigarane seier «no må du ikkje vere so tulen at du startar med landbruk». Men eg let meg ikkje skremme, eg likar litt liv og røre i kvardagen, så gardsdrift vil nok passe meg fint, ler Espen Høidal.

<strong>Investert i fyringsomn:</strong> – Etter 60 år med gjengrodd beitemark har vi mykje ved rett bak huset. Med fyringsanlegget varmar eg heile huset med eigen ved, seier Espen Høien.
<strong>Veks igjen:</strong> Olagarden har ikkje hatt dyr på over 60 år. – Landskapet gror igjen utan beitedyr, seier Espen Høidal.