Stortinget opnar no for at pengane som går med til å drive ferje i 40 år i staden kan brukast til å byggje bru eller tunnel. Ordninga som blei vedteken i Stortinget tysdag, blir godt motteken i Volda.

– Vi har venta at ordninga ville bli etablert, og dette er gledeleg, seier Volda-ordførar Arild Iversen (KrF).

Inviterer fleire

I Volda ønskjer politikarane at utgiftene med å drive ferja Volda–Folkestad skal brukast til å byggje bru over Voldsfjorden.

– Vår intensjon er å etablere eit bruselskap for å rigge oss for den moglegheita at vi i framtida kan etablere ei bru i staden for ferje, seier Iversen.

Detaljane for selskapet er enno ikkje klare, men Iversen ser føre seg liknande organisering som for andre samband, der ein inviterer med fleire aktørar. Eit slikt selskap blei i si tid etablert for Eiksundsambandet. Tilsvarande jobbar Nordfjordkryssing AS, for bru mellom Anda og Lote, der det i dag går ferje.

Ikkje E39-omkamp

Iversen avviser at dette er ein omkamp om E39-traseen.

– E39-avgjerda er teken. Dette handlar om å nytte ei ny moglegheit når staten stiller finansiering tilgjengeleg, seier Iversen. Etter at Kvivsvegen opna er ferjetrafikken redusert på ferja frå Folkestad til Volda.

– Kan noko av grunnlaget for bru forsvinne med ei E39-bru over fjorden i indre Nordfjord?

– Det vil tida vise, seier Iversen.

Ny teknologi.

Regjeringa ønskte i utgangspunktet å bruke 30 år som utgangspunkt for reknestykket, men 40 år kom inn som ein del av avtalen med Venstre og KrF.

I tillegg til pengar frå ferjedrift, trekkjer Iversen fram at også ny bruteknologi er med i reknestykket. Dette opnar for å byggje bruer billigare enn dei store hengebruene. Dessutan vil dei reisande nok måtte rekne med bompengar, som ei vidareføring av ferjebilletten.

– Og då nærmar ein seg finansiering, meiner Iversen.

Og han ser fleire fordelar med ei bru i kommunen:

– Dette blir eit godt tiltak for å knyte andre sida av fjorden til sentrum. Vi ser også samanhengen vidare sørover til Eid, seier Iversen.

Arild Iversen meiner ferjeavløysingsmidlar bør kunne erstatte ferja Volda–Folkestad. Arkivfoto: Knut Arne Aarset