Ein kald vind blæs over åkeren til jordbærbonde Knut Ove Myklebust i Valldal. Det er ikkje så veldig mykje som tyder på at det er 8. juli,  heller ikkje jordbæråkeren, som framleis er full av både blomar og små, grøne bær.

- Nei, det er ikkje så mykje som rører seg her, sukkar Myklebust.

Nye problem

I fjor var dei ferdige å plukke 24. juli. I år håpar han at dei kan vere i gong då.

- Det skaper litt nye problem, vi har ti polske jordbærplukkarar som kjem no til helga, og ikkje så veldig mykje arbeid å setje dei til, seier bonden, som hittil i år har funne berre eit raudt bær.

- Alt stopper litt opp. Ein veit ikkje heilt kva ein skal gjere, seier Myklebust.

Berre seint, like bra

I følgje Myklebust finst ikkje det perfekte vêret for ein jorbærbonde, men den kalde våren og forsommaren er definitivt skuld i den seine sesongen.

Grøntprodusentenes samarbeidsråd sine fruktprognoser for 2015 viser at sesongen for frukt blir sein og ujamn. Fleire fruktar, mellom anna epler og moreller, blir det mindre avlingar av enn i fjor, grunna det kalde vêret. Slik er det heldigvis ikkje med jordbæra.

- Nei, det blir berre seint, ikkje mindre eller dårlegare, seier Myklebust.

Dagleg leiar i Valldal Grønt AS, Harald E. Valle, meiner det kan passe bra at jordbæra kjem litt seinare, for då har fleire sjansen til å ete dei når dei er heime att frå ferie.

- No vil vi jo ha jordbær eit godt stykke ut i august, seier han.

Verre for plommene

Valle reknar også med at dei første Valldaljordbæra blir å finne i butikken først etter 20. juli, men fortel at i Tafjord er det begynt å modne.

- Det blir solgt jordbær på Tafjordmarknaden no til helga. Det går ein del lokalt, så det store trøkket kjem ikkje før dei store produsentane i Valldal byrjar å hauste inn, forklarar han.

Plommeproduksjonen ser det derimot mørkare ut for.

- Det blir ein god del mindre plommer, også her i området. Produksjonen er veldig plaga av at det har vore kjølig, seier han.

Ingen raude jordbær å sjå i Valldal enno. Foto: Synnøve Nyheim