Både kjende og meir ukjende entreprenørar møtte opp på anbodsbefaringa i går. Namn som Toto (Italia) og Metrostav (Tsjekkia) var å sjå side om side med Skanska, Veidekke og K A Aurstad.

Veg under havoverflata

Påhogget til den første tunnelen skal faktisk ligge under hav-overflata, med ei demning rundt. Dette blir gjort for å flate ut tunnelen mest mogleg. Elles hadde ikkje vegprosjektet blitt godkjend.

– Påhogget på Hestøya skal ligge på minus åtte meter, fortel Nærø.

– Vi stiller strenge krav og håper få kvalifiserte entreprenørar. Det er kjend teknologi som skal takast i bruk. Det som blir utfordringa er logistikken, sa Nærø til dei frammøtte entreprenørane.

Aurstad vil delta

Prosjektleiar Kåre Dahle i K A Aurstad er spent.

– Vi har sjølvsagt lyst til å delta på ein eller annan måte, i eit samarbeid med andre. Målet er å få alt utearbeidet og transporten. Dahle legg ikkje skjul på at lokal kunnskap kan vere eit fortrinn.

– Det var vi som bygde Ålesundtunnelane. Fleire tunnel-drivarar som var med den gong kan vere med også på dette prosjektet, seier prosjektleiar Are Eliassen til Sunnmørsposten.

Lokale firma

Fleire små entreprenørar var også med i går, i håp om å få vere med på eit samarbeid. Volda Maskin, Aco Anlegg, Longva Maskin, Vasto Anlegg og Opshaug var å sjå.

– Lokal kunnskap og kort reiseveg gjer at ting blir enklare og mindre sårbart. Men så må vi jo vege dette opp mot pris. Det generelle bildet er at vi, så langt det er mogleg, brukar lokale entreprenørar, seier Eliassen i Skanska.

Frist for å levere anbod er 7. mai. Beste forhold mellom pris og kvalitet vinn. Det er eit krav at entreprenørane beskriv transporten dei har tenkt å gjennomføre både på sjø og land. Vegvesenet planlegg å tildele kontrakten før fellesferien.