Fredag var første dag av meisterskapet World Base Race og ansvarleg for arrangementet, Ivar Brennhovd er godt nøgd med dagen.

- I dag har deltakarane hoppa to gonger kvar det har vore ein fin start på arrangementet, seier han. Fredag skulle deltakerane kvalifisere seg og laurdag blir det vidare kvalifisering også finale på ettermiddagen.

- Vermeldinga varslar mykje vind søndag, og vi prøver derfor å rekke alt i morgon. Brennhovd håper det ikkje blir for mykje vind også laurdag.

Det var Frode Johansen som fekk bestetida etter første dag av meisterskapet, med tida 30.49 sekund.

- Men dei fem neste var berre få sekund bak, så det var veldig jamnt, seier han.

Sjå bildeserie her.