Sjåføren på Nordfjordekspressen vart torsdag kveld slått til av ein rusa mann.

-  Hendinga fann stad på busstasjonen på Nordfjordeid. Mannen vart nekta å bli med bussen, og skal då ha vorte sint - og slått sjåføren, fortel lensmann i Eid, Webjørn Moa til smp.no fredag morgon.

- Slaget var ikkje veldig hardt, men nok til at sjåføren merka det godt. Etter hendinga stakk mannen frå staden, seier lensmannen.

Funnen fredag, men ikkje pågripen

Politiet klarte ikkje å finne mannen torsdag, sjølv om dei - ifølgje Moa, hadde ei aning om kven han var.

- No i dag vart mannen observert på rutebilstasjonen på nytt, og då vi fann han, sat han på ein buss på veg til ei bygd i nærleiken. Sjåføren der aksepterte at mannen fekk vere med, og han vart difor ikkje pågripen, seier Moa.

Vil melde

Sjåføren på Nordfjordekspressen har varsla at han ønskjer å melde saka til politiet.

- Han er ein røynd kar, og køyrde etterkvart vidare med bussen til Oslo. Han vil møte hos politiet over helga, seier Moa.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 22.17.