– Det går rett og slett ikkje rundt lenger, sjølv om eg jobbar døgnet rundt, seier dagleg leiar Geir Nakken.

Fleire hadde tatt turen innom butikken i går etter at ryktet om stenginga spreidde seg. Ein epoke er over. Sorgtunge venar og faste kundar kom for ein siste avskjed med plassen. Butikken har vore ein kjær tilhaldsstad for alle musikarar i byen sidan opninga i 1980.

– Far min opna første butikken i 1968, og lokalet her i Keiser Wilhelmsgate har vi hatt sidan 1980. På den tida var gata her ei skikkeleg sentrumsgate. I dag er det mindre kundar og vanskeleg å parkere, seier dagleg leiar Geir Nakken.

Har mista ein bauta

– Hadde det ikkje vore for Nakken hadde ikkje mange av oss laga musikk i dag, seier Kjell Wangberg Larsen jr. Han er sjølv musikar og eldsjel bak «Back in the Fields» – rockefestivalen bak byfjellet.

– Vi har mista ein bauta i musikkmiljøet i dag. Dei har hjelpt alle unge spirer som har kome gjennom dørene her, og dei har betydd utruleg mykje for oss, seier han.

Folk handlar på nettet

I går la Kjell ut eit kraftig innlegg på Facebook, der han meiner at folk ofte kjem innom for å prøve gitarar og utstyr for å deretter handle på internett;

"Det er ikke lett å drive kultur-/musikkbutikk når:- «Kunden» ringer fra Ørsta og spør om de har en Gibson Les Paul, eller kan ta den inn. Bare fordi han gjerne vil prøve den før han eventuelt kjøper. Jo da, svarer Geir, og garanterer for at Gibson Les Paul straks pryder veggen. Gitaren blir prøvd, men den koster sikkert noen skarve hundrelapper mindre på nett, så da handler vi på nett.

Det er ikke lett å drive kultur-/musikkbutikk når:- «Kunden» er pappa i tidsklemma, braser inn dørene 14 dager før jul og lurer på hvilket sanganlegg han burde kjøpe til den syngende husmora i funkisboligen. Han får gode råd om bra og dårlig, men synes det er bedre å handle på nett siden det var dårlig med plass i bilen akkurat nå, så da handler han på nett.

Det er ikke lett å drive kultur-/musikkbutikk når:- «Kunden» har et band på gang, som er det eneste som ikke spiller rock på rockemønstringa, og bruker sparepengane på å gi ut cd. Han stikker innom butikken og spør om å få låne forsterkere og anlegg fordi de er blakke og skal på turné, får positive tilbakemeldinger fordi de er fremadstormende og dette kanskje kan bli det neste store utenom Haft Band i dette området. I ettertid handler de for cirka like mye som en hundrelapp der nede med han Geir og familien. Selv om de er blitt store og sprenger grenser både her og der, så handler de på andre steder … Nå har de jo så mange kontakter både her og der ar det skulle jo bare mangle om de ikke fikk ting gratis de gangene de ikke handler på nett."

No oppfordrar Kjell folk til å støtte den siste musikksjappa i byen, som er på Moa. før det er for seint.

– Folk vil merke det godt når lokale musikkforretningar legger ned. Då må du nemleg sende gitaren din til utlandet for å bli reparert, seier han.

Gitar ikkje like poppis lenger

Geir Nakken trur ikkje det berre er konkurranse frå nettbutikkar som er problemet.

– Nettbutikk er vel og bra det, men det krev tid som eg ikkje har. Det er heller ikkje særlig poppis å spele gitar lenger. Gitarskulane har ledige plassar no, og det har dei ikkje hatt på mange år. No kan ein jo verte stjerne på så mange andre måtar, seier han.

På spørsmål om kva han skal finne på no, spår han med eit glimt i auget at han det kan hende han dukkar opp på hausten ein gong i ein anna samanheng.

– Arbeidssky har eg aldri vore, så jobb får eg meg. Men før eg tenker på det, skal eg ta meg ein lang sommarferie, seier Geir Nakken.