Guten tilhøyrde ei familie med ei mor og to born som var saman med eit venepar på tur i Norge, då ulukka skjedde. Det hadde bestemt seg for å køyre den gamle Strynefjellvegen, og hadde stogga på ein rasteplass då ulukka skjedde.
- Vi har ikkje gjort nye funn i dag, opplyser innsatsleiar Webjørn Moa til smp.no klokka 14 fredag ettermiddag.
Systematisk arbeid
Eit mannskap på 18 personar er i arbeid med søk i elva fredag. Folk frå den alpine redningsgruppa på Sunnmøre og frå elverednningsgruppa til Røde Kors deltek i det vanskelege arbeidet med å søkje i den strie Videelva.
- Vi har også fått inn folk frå Røde Kors i Olden, Loen og Vågsøy som bidreg i søket, seier Moa.
Søket har så langt fredag føregått aust for fossen ved Videseter, men vil halde fram nedanfor fossane og ned mot Strynevatnet.
- Vi starta søket klokka 7 fredag morgon og held fram til det er mørkt om vi må, seier innsatsleiaren.
Set inn hundar
I 16.30-tida vil to hundeekvipasjar bli sett inn i søket. Redningsarbeidarane har fått råd frå elveredningsgruppa i Sjoa som har hatt hell med bruk av hundar i tilsvarande ulukker.
Korleis vil du beskrive arbeidet?
- Det er eit vanskeleg søk. Elva er stri, og dette har skjedd i eit parti der det er vanskeleg å komme til, men folk gjer eit kjempeflott arbeid i søket, seier Moa.