Nett.no skriv at Farstad Shipping har ei kursauke på 9,82 prosent. Rundt klokka 15 måndag vert Farstad-aksjen handla til 10,40 kroner, noko som prisar heile selskapet til 405 millionar kroner.

Finansavisen skriv at to obligasjonseigarar har kjøpt negativ kontroll i eitt av Farstad Shipping sine obligasjonslån. Dette er same framgangsmåten som vart nytta då Aker tvang Rem Offshore til samanslåing med Solstad Offshore.

Skudeneshavn-basert Solstad Offshore har også ein god dag på børsen med 19 kroner aksjen.

Det er heller ikkje berre Farstad og Solstad som stig av offshorereiarlaga. John Fredriksen ønskjer å vere med på konsolideringa av offshorebransjen, og måndag stig Fredriksen-kontrollerte Deep Sea Supply 8,5 prosent til 1,90 kroner aksjen. Selskapet har auka verdien med rundt 70 prosent på vel ei veke.

Til slutt har vi Siem Offshore som har ein bra dag, der Siem Offshore-aksjen er opp 8,1 prosent til 2,00 kroner. Her er det også stor overvekt av kjøparar.