Kleven har signert kontrakt med det danske fiskebåtreiarlaget Gitte Henning AS om bygging av ein kombinert pelagisk trålar/snurpar. Med ei lengd på heile 90,5 meter og breidde på 17,8 meter, vert dette det største pelagiske fiskefartøy innan sitt segment.

Fartøyet av typen SALT 0155 er utvikla i eit nært samarbeid mellom reiarlag, designselskapet Salt Ship Design og Kleven.

- Det er svært gledeleg at Henning Kjeldsen vel å bygge dette store og avanserte fiskefartøyet i Noreg og hos Myklebust Verft, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven i ei pressemelding.

- Det er gledeleg at vi no har fått på plass den fjerde nybyggingskontrakten innan fisk til Myklebust sidan sommaren i år. Vi har kontraktar innan ulike segment, og det er heilt klart ein stor styrke i dagens situasjon. I tillegg er storparten av kundane no utanlandske, seier Rasmussen.

Mange norske leverandørar er involvert, som Brunvoll, Scana Volda, Hareid Elektriske, Karmøy Winch og Havyard MMC.

Fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft i desember 2017.

Kleven har no 16 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av vel 10 milliardar kroner.