Riksveg 60 Olden-Innvik vart i 2008 kåra til Norges verste veg, av Nettavisen sin jury. No kan skiltet kome til å bli ståande i årevis framover, skriv Fjordingen.

I fylkesrådmannen sitt høyringsutkast til Regional transportplan 2014 - 2023, finst det ikkje pengar til store investeringsprosjekt.

Når arbeidet med Agjeldtunnelen er fullført hausten 2014, vil parsellen Ugla - Skarstein stå att på Norges verste veg.

Også til vedlikehald av eksisterande fylkesvegnett er det ein manko, på 50-55 millionar kroner årleg.