Hødd-angrepet vart vesentleg styrka då Robin Shroot tidlegare denne veka vende tilbake til Ulsteinvik etter ein halv sesong i Viking. Kanskje blir også angrepet ytterlegare styrka. For Hødd har no bestemt seg for å prøve å hente heim Robin Hjelmeseth frå Elverum. Hjelmeseth var toppscorar for Elverum i 2. divisjon i fjor med 18 mål, men har ikkje starta meir enn éin kamp for Hedmark-laget i 1. divisjon så langt i år.

Veit ikkje når

- Vi ønskjer å hente Robin tilbake. Men vi veit ikkje om det blir no eller neste år, seier Sindre Eid til Sunnmørsposten.

Eid er hovudtrenar for Hødd, og har dessutan teke over mykje av ansvaret for spelarlogistikken, sidan André Nevstad er sjukmeldt i fire veker.

- Kva gjer at Hødd eventuelt ikkje hentar Hjelmeseth no i sommar?

- Det har både med logistikk og økonomi å gjere, seier Eid.

Hyggjeleg å vere ønska

Robin Hjelmeseth sa til Sunnmørsposten tidlegare i sommar at han er interessert i ein retur til Hødd. Spissen vaks opp i Ulsteinvik, og var Hødd-spelar (minus to utlån til Herd og AaFK 2) fram til utgangen av 2014-sesongen. I Elverum har Hjelmeseth vore ein stor suksess – heilt fram til i år.

- Det er sjølvsagt hyggjeleg å vere ønska av Hødd. Så får tida vise om eg kjem heim no eller ved eit seinare tidspunkt, seier Hjelmeseth sjølv.

- Kva gjer du om Hødd ikkje vil eller kan hente deg i sommar?

- Eg ønskjer på ingen måtar å bli i Elverum ut sesongen og er svært interessert i å kome meg vekk. Eg har andre alternativ enn Hødd, seier Hjelmeseth til Sunnmørsposten.

For mange spissar?

André Nevstad sa til Sunnmørsposten for éi og ei halv veke sidan at om Hødd skal hente inn nye spelarar, må også nokon ut. Då var det enno ikkje avklart at Robin Shroot skulle vende tilbake til klubben. Frå før av har Hødd tre spissar i stallen: Amani Mbedule, Magnus Myklebust og Badr Rahhoui. Mot slutten av vårsesongen, då Hødd la om til 3-5-2, starta Sondre Beite også to kampar som spiss.

Hødd spelar treningskamp heime mot AaFK søndag. Sett vekk frå Shroot er det ikkje venta at Hødd stiller med nye spelarar i denne kampen. Men som Sindre Eid seier: Ein veit aldri kva som kan skje.