Sykkylvingen på 51 år seier om seg sjølv at han er svært glad i matlaging, og han trur han kan få ei rolle under Farmen der han bidreg til at deltakarane ikkje skal gå rundt og svelte for mykje, seier han til VG Nett.

- Eg er ein person som er langt over gjennomsnittet glad i mat. Eg er glad i å jakte, fiske og så lage maten. Det kan vere slik at eg finn noko på garden som ein kan ete, som ingen andre har tenkt på. Det kan lande ei kråke på tunet, og eg et ho garantert. Det ville ikkje vore første gongen, seier han til avisa.

Ulstein er kunstnar, opphaveleg frå Hareid, men busett i Sykkylven der han har atelier i Sykkylven kunstgalleri. I tillegg sit han i kommunestyret for Framstegspartiet.

Les fleire kultursaker her

Tar mykje plass

Han fortel at han har servert måse til kameratane sine utan at dei visste det, og no krev ein av dei at han alltid skal sjå hovudet på det han får servert.

Ulstein legg vekt på at han er innstilt på å jobbe hardt under realityserien, og at han har mykje å bidra med under opphaldet på garden.

– Eg er ein som tek tak i ting når ting skal løysast. Det oppleves kanskje som eg tar mykje plass, men det er meg som person. Eg vil ha storbonderolla – den vil eg komme til å nyte, seier Ulstein til TV 2.

Ålesundar med

Også ålesundaren Daniel Godø (22) er med i Farmen i år. Studenten beskriv seg sjølv slik:

– Eg er tidenes B-menneske, så det kan bli ei utfordring på garden. Ellers er eg utadvendt, positiv, energisk og klarar ikkje å sitje i ro. Eg må ha folk rundt meg. Heilt sidan eg fekk lappen har eg nesten ikkje vore heime.

Farmen har premiere på TV 2 måndag 22. september.

Daniel Godø er den andre deltakaren frå Sunnmøre som tv-sjåarane får oppleve på skjermen. Foto: Alex Iversen/TV 2