Aldri før er det målt over 2000 bilar i døgnet i Kvivstunnelen på ein månad, men i juli viser snittmålingane at 2097 bilar køyrde gjennom tunnelen kvart døgn. Dette er 250 fleire bilar kvart døgn enn på same tid i fjor, då det i juli blei registrert 1847 bilar.

- Det er overraskande at auken held fram, langt større enn det vi hadde sett føre oss. Dette tyder på at E39 er begynt å verke skikkeleg, seier Svein Sunde i Gode vegar AS.

Rekord også på Utvikfjellet

Også for juni var det rekord på Kvivsvegen, med 1745 bilar kvart døgn - 164 fleire enn i fjor.

Sunde har henta ut tal frå Statens vegvesen for eit utval strekningar. I oversikta som han har sendt Stryn kommune, kjem det også fram at det har vore trafikkvekst på fleire andre samband i indre Nordfjord.

Også fylkesveg 60 Utvikfjellet hadde rekordtrafikk. For første gong er det også der målt ein månad med over 2000 bilar i døgnet. 2082 bilar køyrde over fjellet, mot 1993 i fjor.

- Her har det vore auke, sjølv om det i sommar har vore mykje kø og problem mellom Olden og Innvik. Vi har fått melding om at trafikken fleire gonger har stått bom stille, og det har vore køar i både tre kvarter og ein time, seier Sunde og legg til:

-Dette understrekar behovet for å få fortgang for E39 Grodås-Byrkjelo, slik at vi kan ta ut heile effekten på strekninga Byrkjelo-Volda.

Ferjeauke

Han er også kjend med at ferjetrafikken på E39 Anda - Lote har auka i juli.

- Når vi veit kva problem det har vore mellom Olden og Innvik, så er der ein del av trafikken som vel å køyrde Lote-Anda, seier Sunde.

Han meiner likevel at ikkje alt er som det skal. Blant anna har karttenesta til Gule sider ikkje klart å få Kvivsvegen inn som E39.

-Det er snart på tide at dei klarer å oppdatere dette, for vi ser at ukjende slit, seier Sunde.

Strekninga Grodås - Byrkjelo kan køyrast ferjefritt, via fylkesveg 60 Olden-Innvik, men vegen er ikkje skilta som noko alternativ til E39.

-Dette har vi teke opp med vegvesenet, men ikkje fått gehør for, på grunn av problema med vegen Olden-Innvik. Dei ønskjer ikkje å sende meir trafikk denne vegen, seier Sunde.

500 fleire i Markane

På fylkesveg 60 på Tryggestad, mellom Hornindal og Hellesylt, er det registert 1429 bilar i juli, ein auke på 59 bilar frå i fjor. Dette er også rekord for juli månad - i alle fall så langt målingane viser, tilbake til 2010.

Riksveg 15 i Markane har også rekordmåling - med 3588 køyretøy kvart døgn i juli - 48 fleire enn i fjor. På dei åra som har gått etter Kvivsvegen opna i 2012, har julitrafikken der auka med over 500 bilar i døgnet.

Riksveg 15 over Strynefjellet hadde 2125 bilar i juli - det er nærast tangering av rekordmålinga i 2007, då det blei målt 2128 køyretøy i juli.

Færre over Stigedalen

Elles viser tala at riksveg 651 Stigedalen, som er den gamle E39 mellom Volda og Nordfjordeid, har hatt ein nedgang på 71 bilar i juli. 846 bilar køyrde Stigedalen i juli, ifølgje oversikta til vegvesenet. Dette er 780 bilar mindre enn i julimånaden før Kvivsvegen opna i 2012.

Også i juni månad hadde Stigedalen nedgang. 771 bilar køyrde denne vegen i juni i år, mot 839 i fjor.