Ordførar Bjørn Sandnes (H) i Haram er frustrert etter at Olje- og energidepartementet enno ein gong har gått mot lokale myndigheiter og folkevilja i eit vindkraftprosjekt i kommunen.

- Sentrale myndigheiter seier dei skal høyre på lokalpolitikarane, men det har dei absolutt ikkje gjort i denne saka, meiner Sandnes.

- Viktig steg

Tidlegare mandag vart det kjend at Haram Kraft AS får konsesjon til å bygge og drive Haram vindkraftverk på Haramsfjellet.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen kalla anlegget «eit viktig steg i satsinga på fornybar energi». Det er ikkje ordførar Sandnes samd i. Les også: Konsesjon til Haram vindkraftverk

Har klaga på vedtak

- Straum til 10.000 husstandar er ikkje mykje å skryte av i desse klimatider med FN-møtet i København, seier Sandnes. Ordføraren syner til at politikarane i Haram har klaga inn to vedtak om vindkraft til departementet. I begge tilfellene har departementet gått i mot lokale myndigheiter.

- Det vil vere stor frustrasjon både i det politiske miljøet og ute mellom folk over dette vedtaket, seier Sandnes.

Heller til havs, enn til lands

Haram-politikarane ønskja heller vindkraft til havs i form av gigantanlegget Havsul II, framfor vindkraft på fjellet på Haramsøy. I departementet har oppfatninga vore motsett, dei sa nei til Havsul II - og no - ja til prosjektet med vindmøller på Haramsøy.

- Kvifor ønskjer dokke først og fremst ei stor utbygging i havet, framfor ei mindre på land?

- Fordi vindmøllene på fjellet vert langt meir synlege, seier ordføraren. Tidlegare i haust sa politikarane i Haram likevel eit betinga ja til utbygging på Haramsfjellet - om Havsul II vart ein realitet. Havsul II kunne produsert kraft til 55.000 husstandar.

- Om vi fekk ei storstilt utbygging i havet, kunne det óg vore med på å gitt jobb til den maritime næringa i distriktet, argumenterar Haram-ordføraren.