Ein geolog har undersøkt platene i taket i Godøytunnelen. Han utarbeidar no ein rapport om kor mange fleire plater som må takast ned.

Til saman ti plater er fjerna, etter at ei plate datt ned og trefte ein bil.

Geolog Kåre Ingolf Karlson i Statens vegvesen skal også vurdere kor raskt jobben bør gjerast. Karlson seier til Smp.no at han reknar med rapporten er klar ein gong etter søndag.

Tunnelen er 3.844 meter lang, går 153 meter under havet, og tunnelen vart opna i 1989. Platene i kvelvingen er der for å halde vatn borte frå køyrebana.

Geolog Kåre Ingolf Karlsen i Statens vegvesen Region midt. Arkivfoto: Petter Sandvik