Olympic Holding AS blei saksøkt av fire selskap som er minoritetseigarar i Emerald Fisheries AS. Dei eig i underkant av ti prosent av aksjane.

I august 2013 kravde dei å bli tvangsinnløyst, men fekk ikkje den prisen dei ville ha. Olympic, som eig vel 90 prosent av aksjane i Emerald, gav dei tilbod om 3,60 kroner per aksje, noko som til saman ville blitt om lag 2,5 millionar kroner for aksjeposten.

Stor avstand

Tilbodet blei avslått og minoritetsaksjonærane sette fram krav om 233,27 kroner per aksje.

Den store avstanden mellom partane har gjort til at dei ikkje har forhandla om innløysing før saka kom i retten.

Søre Sunnmøre tingrett har no hatt skjønn for å finne den verkelege verdien av aksjane.

Mareritt

Emerald driv fartøyet «Juvel». Hovudproduktet er krillmjøl som blir brukt i Omega 3-produkt. I papira frå tingretten går det fram at Emerald er eit typisk teknologiutviklingsselskap, der føresetnaden for selskapets eksistens er tilførsel av teknologi og kapital.

Olympic har i retten gjort gjeldande at dei gjekk inn i selskapet for å vere minoritetseigarar, men har tilført mykje meir kapital enn dei føresette då dei gjekk inn i prosjektet. Dei har også kjøpt patent og heile produksjonen i selskapet.

Selskapet har ikkje utvikla seg slik Olympic trudde, og prosjektet er blitt eit mareritt, ifølgje det som kom fram i retten.

Retten meiner det er majoriteten sjølv som har risikoen. Dei ser på Olympic som ein profesjonell investor som har bidrege med kapital ut frå det dei meinte var fornuftig på lang sikt.

Ulik verdivurdering

Partane sine sakkunnige har vurdert verdien på selskapet svært ulikt.  Saksøkjarane har fått ein rapport som syner at verdien er 850 millionar kroner. Ein av partane har også kome med ei alternativ verdivurdering som seier at aksjane varierer frå 608 millionar kroner til 1,3 milliardar. Olympic sine sakkunnige har derimot vurdert verdien til 144 millionar kroner.

Retten meiner verdien var på vel 250 millionar kroner i august 2013. Summen per aksje er sett til 35, 85 kroner. Det betyr at minoritetseigarane sit på aksjar for 25 millionar kroner. I tillegg skal det betalast fire prosent rente frå august 2013 og til betaling finn stad.

Retten har også kome til at Olympic Holding AS må betale dei lovbestemte utgiftene ved skjønnet. Dessutan må selskapet i tillegg til eigne sakskostnader, betale sakskostnadene til saksøkjarane på nærare 2,5 millionar kroner.

Saksøkjarane er Ervik Marine Services AS, som etter skjønnet no har aksjar for over 22 millionar kroner. Dei andre er Støylebakken AS, Fagerlia Invest AS og Frode Igland AS som har aksjar verd rundt 900.000 kroner.