Herøy Høgre og Herøy KrF har inngått eit valteknisk samarbeid som sikrar Høgre ordføraren og KrF varaordføraren dei neste fire åra, melder Arnulf Goksøyr (H) i ei pressemelding.

Høgre skal ha to, KrF to og Frp ein representant i formannskapet.

- Samarbeidet skal bygge på respekt for kvarandre, og vi er samde om nokre politiske saker som vert viktige og som skal farge Herøy dei neste fire åra, opplyser Goksøyr.

Pressemeldinga er underskriven av Arnulf Goksøyr (H), Ann-Kathrin A. Storøy (H), Bjørn Otterlei (H), Camilla Storøy (KrF), Ole Brubakk (KrF), Linn Therese Sævik (KrF) og Birgitte Sævik Pedersen (KrF).

Etter valet på måndag sa KrF at dei kunne samarbeide både med Høgre og med Arbeidarpartiet i Herøy.