I neste veke opnar dei ny, fast utstilling. Her kan du sjå eit 50-tals stolar, bord og sofaer som viser norsk møbelproduksjon gjennom fleire tiår.

– Vi tek for oss heile landet. Men Sunnmøre har vore så dominerande innan møbel at det blir eit sterkt sunnmørspreg over utstillinga, seier Kjetil Tandstad, avdelingsleiar ved museet.

Det mest iaugefallande er dei mange stolane, den eine klassikaren etter den andre, som står oppstilt på golvet eller hengjer på veggen.Her er mellom andre Stressless, Siesta, Tripp Trapp, Planet, Laminette, Balans og Pony.

– Tripp Trapp er det seld ni millionar eksemplar av, Stressless sju millionar – medan det er seld ein million eksemplar kvar av Siesta, Laminette og Balans, fortel Tandstad.

TV-stol

Museet har også ein sjeldan TV-stol, ein prototype laga ved Karl Emdal sin møbelfabrikk i Sykkylven.

– Det første TV-apparatet kom til Sykkylven i 1961. Det har vi her. Emdal meinte at då måtte ein også lage ein TV-stol, truleg etter amerikansk inspirasjon. Problemet var berre at TV-en var så dyr. Han kosta fleire månadsløner. Så folk sleit med avdraga og hadde ikkje råd til nokon stol – ikkje før i 1971. Då kom den første Stressless-stolen, fortel Kjetil Tandstad.

– Stolen til Karl Emdal var iallfall solid. Han stod i fleire tiår på sjåførrommet til Emdal Transport, og han er like heil.

Fabrikk

Møbelmuseet stiller også ut delar av Gjerdsvika Trevare, eit typisk døme på dei små møbelfabrikkane som dukka opp i kjellarar over heile Sunnmøre.

– Vi har opningsfest 28. februar. Deretter blir det ope helga 1. og 2. mars. Seinare er det vanleg opningstid alle kvardagar, seier Tandstad.

Museet håpar på godt besøk. I neste veke kjem iallfall 100 elevar frå ungdomsskulen Sykkylven for å lære meir om lokal møbelhistorie.

<strong>TV-STOL:</strong> Kjetil Tandstad med TV-stolen til Karl Emdal, ein prototype som ikkje vart sett i produksjon. Ved sidan av står det første TV-apparatet som kom til Sykkylven i 1961.