Etter siste helga i oktober vart det meldt om ei rekke innbrot på Sunnmøre: Tre innbrot i Haram og eit innbrotsforsøk på Stette i Skodje. Det kom også inn melding om eit grovt innbrot frå ein bil på Skodje.

Politiet vart seinare varsla om to innbrot på Emblem i Ålesund.

Tok seg god tid då dei rundstal ekteparet Forsland

Naboer til innbrudd: – Vil ta forholdsregler

Boliginnbruddene: Politiet sjekker tips om biler

Manglande fengselsplass

Fredag pågreip politiet fem menn frå Litauen. Måndag vart tre av dei framstilt for Sunnmøre tingrett med krav om varetektsfengsling i fire veker. Dei to siste er lauslatne på grunn av manglande fengselsplass, seier politiadvokat Julie Ulstein i ei pressemelding frå politiet.

- Saka vart etterforska gjennom veka. Fredag 4. november vart dei fem litauarane pågripne på same adresse. Der fann vi også verdigjenstandar som vi veit kjem frå nokre av innbrota. No er sporingsarbeidet er i full gang, i håp om å få gitt tilbake gjenstandane til rett eigar, seier Ulstein.

Dører, skuffer og skap over hele huset var åpnet i tjuvenes jakt på verdisaker hos familie i Haram siste helga i oktober. Foto: SVENNGAARDEN.COM

Lik framgangsmåte

- Dei fleste som opplever tjuveri frå sine heimar reagerer sterkt og kjenner seg utrygge. For politiet er det derfor viktig å få ei rask oppklaring og få stoppa slik aktivitet. Her må vi også takke publikum for gode observasjonar og tips. Dette har vore til god hjelp i etterforskinga vår, seier Ulstein vidare ifølgje pressemeldinga.

Politiet såg at det var like framgangsmåter i sakene og meinte tidleg at det var ein samanheng i sakene. Ulstein seier at politiet i den vidare etterforskinga vil sjå om det er samanheng med saker andre stader.