– Dette var overraskande og gledeleg. Det er ikkje enkelt å drive nyskaping, så vi set pris på ei slik oppmuntring,  sa styreleiar Tore Roaldnes i Nordic Wildfish då han mottok prisen.

Meir frå Nor-Fishing:

- Smiler heile vegen til banken

Ervik signerte rekordkontrakt med Mustad

Roaldnes  delte raust æra med sine samarbeidspartnarar.

– Prosjektet er eit ektefødt barn av den maritime klyngja i Ålesund-området. Dette er smaken av bærekraft, sa Roaldnes.

Som styreleiar i Fiskebåt har han hatt sine kontroversar med Fiskeridirektoratet.

– Det er overraskande at ein tidlegare styreleiar i Fiskebåt kan få ein miljøpris frå Fiskeridirektoratet. Men det viser at verda går framover, sa Roaldnes då han fekk prisen, som vart overrekt av fiskeriminister Per Sandberg.