– Det skal regne godt i morgon, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid. Lokalt på Sunnmøre vil det kome 50-100 millimeter frå måndag kveld til tysdag kveld.

– Og vinden kjem brått og plutseleg, med liten storm utsette stader, legg han til.

Liten storm

I fleire dagar har meteorologane varsla at det kjem regn og vind. At det er fint og roleg måndag er berre fordi lågtrykkssenteret ligg i Møre og Romsdal.

– Det som kjem sør for Stad i ettermiddag, med liten storm og godt med regn, vil Møre og Romsdal få i morgon, seier Fagerlid.

– Det er dei høgaste fjella som får mest nedbør. Ute ved kysten blir det langt mindre, 20-40 millimeter, seier han.

– Og vinden skal blåse ganske godt. Den kjem brått og plutseleg frå nordvest tysdag morgon, og det blir liten storm utsette stader til ut på ettermiddagen.

Snø i fjellet

Etter at det verste gir seg, blir det bygevêr både onsdag og torsdag

– Det blir også veldig kjølig. Frå tysdag kveld er snøgrensa på rundt 800 meter. Så vegstrekningar som Geiranger–Langvatn og Trollstigen vil kunne få litt snø, seier meteorologen.