–Dette var eit sjokk. Nei, dette er ikkje til å fatte, utbraut Nils Ose (69) etter fullført symfonikonsert i Volda kyrkje laurdag kveld.

Saman med storebroren Knut (72) var han som vanleg på plass i rekkjene då Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda baud inn til haustkonsert i Voldakyrkja. Overraskinga. På programmet stod mellom anna Joseph Haydn sin Symphony nr. 94 "Surprise".

Overrasking skulle det bli, og det til gangs for dei superpopulære musikkbrørne Knut og Nils Ose frå Ørsta. Og det var ein over middels trufast publikummar som kom med den uventa kunngjeringa, straks applausen etter konserten hadde lagt seg:

Reidun Aambø tok initiativet til heideren. Ho har jobba i godt over eitt år med søknaden, og kunne ramse opp ei nesten endelaus liste over merittar – for to veteranar som definitivt var til stades i orkesteret:

– Gratulerer, Knut og Nils Ose! Den 15. november kjem fylkesmannen til Ørsta for å tildele dykk kvar sin medalje. Kongens Fortjenstmedalje i gull!

Klappa fram

Dermed var katta sleppt or sekken. Og dermed oppstod spontant ein ståande applaus som var mest like langvarig som sjølve konserten i førevegen. Det spesielle no var at heile orkesteret tok del i ovasjonane i kyrkja. Og overraskinga såg ut til å vere hundre prosent fullkomen og ekte for dei to som som vart klappa fram til blomster frå kvar sin fløy i orkesteret. Brør under ekstatisk krysseld mellom publikum og medmusikarar. Det ubetalte. Kva har karane å seie til denne æra?

–Ja, viss dette er for den frivillige innsatsen vi har lagt ned i åra som har gått, det ubetalte, så vert vi vel nøydde til å akseptere at vi kan heidrast. Men for meg heng dette så høgt at det vert reint nifst, summerer yngstemann Nils.

– Dette var fantastisk kjekt, supplerer Knut, som gratis har reparert musikkinstrument for sine elevar og medmusikantar i over 35 år. Tallause er alle som har fått undervisning av Ose-karane.

Spelte for Haakon. Begge brørne trakterer eit vell av ulike instrument. Dei starta begge karrieren i Ørsta gutemusikk. Dei har starta interkommunal musikkskule, starta opp kor og orkester, dei har komponert og dirigert, undervist og arrangert. Også nasjonalt og utanom landegrensene. Begge har spelt i HMK Kongens Garde. Knut har jamvel spelt for Kong Haakon. Men no skal dei altså for første gong få sjå slottet frå innsida.

Knut veit enno ikkje om det blir aktuelt å spele noko for sin jamaldring, Kong Harald, under audiensen som ventar.

– Men det gjer vi sjølvsagt meir enn gjerne, smiler to umåteleg populære gullgrossistar.

Ose-karane måtte tole ståande og særleg langvarig applaus. Ikkje minst sette medmusikantane i orkesteret stor pris på gullheideren.