Ein mann i 40-åra er meld til politiet etter at han stal øl frå ein butikk i Hareid.

Mannen stakk først frå staden, men kom seinare tilbake og var trugande, skriv politiet på Twitter.

– Jau, han returnerte, seier operasjonsleiar John Bratland til Smp.no.

Politiet fekk først melding om tjuveriet litt over klokka ti måndag. Mannen hadde teke ein sixpack og gått frå butikken.

– Mannen var kjend frå før, og vi avtalte då at butikken skulle melde saka, seier Bratland.

– Ei lita stund seinare ringde same butikk om at mannen var tilbake, og var verbalt trugande mot dei tilsette. Då reiste vi ut og viste bort mannen, og melde saka, seier Bratland.

Mannen hadde drukke opp alt tjuvegodset, men lova å betale for øla når han får pengar.