Driftsstyret i Volda kommune var måndag på synfaring til Austefjord, og deretter røysta over om skulen skal leggjast ned eller ikkje. Driftsstyret vedtok alle dei punktvise tilrådingane frå administrasjonen.

Administrasjonen si tilråding:

1. Drifta ved Austefjord skule vert lagt ned frå 01.08.2014. Elevane på barnesteget får Bratteberg skule som nærskule. Elevane på ungdomssteget får Volda ungdomsskule som nærskule. Skulefritidsordninga ved Austefjord skule vert lagt ned frå same dato.

2. For å redusere den samla reise- og ventetida for elevane frå Austefjorden, vert skulestart ved Bratteberg skule endra til klokka 08.15 frå 01.08.2014.

3. Frå 01.08.2014 vert Austefjord skulekrins ein del av Stor-Øyra skulekrins.

4. Dersom elevtalsutviklinga viser at ungdomssteget ved Folkestad skule og/eller Dalsfjord skule to skuleår på rad vert udelt, skal administrasjonen på eige initiativ førebu ei sak om endringar i krinsgrensene og endringar i skuledrifta.

5. Kommunestyret ber om at det ved skulane vert prioritert to kontaktlærarar i klasser med meir enn 20 elevar så langt det er mogeleg innanfor tildelt ramme.

Tysdag skal saka behandlast i formannskapet, før ei endeleg avgjerd vert teken av kommunestyret 30. januar.

Trang økonomi

Volda kommune vil spare om lag 4,5 millionar kroner ved å leggje ned skulen, og i saksutgreiinga skriv rådmann Rune Sjurgard at det både er faglege og økonomiske omsyn som ligg til grunn for forslaget om å leggje ned skulen i Austefjorden. Rådmannen meiner at kommunen som skuleeigar må ta eit heilskapleg ansvar, og at det i den samanheng ikkje vert avgjerande kvar det skal drivast skule, men kva skuletilbod kommunen samla sett kan tilby.

Les saksdokumenta her.