– Eg har vore med ein gong før i Alperittet. Men då var eg liten og lett. Så dette vart eit slit.

Det seier Andreas Solstad Alme (19) frå Eidsvåg IL. Romsdalingen var den raskaste av alle telemarkkøyrarane under årets utgåve av Alperittet på Stranda. Han fekk tida 7 minutt og 49 sekund.

Sjå bilda frå Alperittet her

På landslaget

Men så er ikkje Andreas nokon kven som helst i denne sporten. Han er nemleg på det norske landslaget i telemarkkøyring, med eit VM-sølv som beste resultat.

– Eg trenar mykje, både i Tusten og på Bjorli. Utanom det studerer eg på Høgskulen i Molde, og studiane gjorde at eg måte melde avbod til renn i Slovenia og Tyskland no, medan eg skal til Sveits om ikkje så lenge.

Sjå bilda frå Alperittet her

Han forklarer at Alperittet var svært utfordrande, med ein tung løype og dårleg sikt – og mykje staking og skøyting på fortaua inn mot målområdet.

Brettkøyarane Kenneth Alme og Trine Stene. Foto: Terje Engås

– Tung, tung løype

Sigurd Drege, alperittgeneral, gjev ros til alle deltakarane laurdag som meistra dei utfordrande tilhøva:

­ – Det var ei tung, tung løype. Men alt ser ut til å ha gått bra. Det var i alt 280 deltakarar i dei ulike klassene, og 80 som deltok i minialperittet. Så no er eg både letta og glad for et nesten prikkfritt  arrangement der vi laga både ein fartsfest og ein folkefest på Stranda, seier Sigurd Drege.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Raskast av alle i alpinløypa var Torstein Lianes, Mammut IL,  med tida 7 minutt og 3 sekund, medan raskaste snøbrettkøyrar vart Vegard Bjørdal, Stranda, på 9 minutt og 11 sekund.

For alle resultat, sjå nettsida alperittet.com (ekstern lenke)

Karsten Gefle var heilt utslitt etter løpet. Foto: Terje Engås

Gåen skilegende

Ein av dei mange etterpåmelde laurdag var Karsten Gefle, som lever av å vere frikøyrar på ski. Då han var på Stranda sist torsdag for å vise skifilmen «Don`t crack under pressure» vart han utfordra av Sigurd Drege til å melde seg på.

– Det gjorde eg, og fekk meg ein heilt forferdeleg tur ned frå fjellet, seier ein heilt utkøyrd Karsten Gefle (36) til Sunnmørsposten.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Han fortel at vanlegvis set han utfor stupbratte fjell i god sikt.

­ – Her måte eg stake mykje den siste biten, og sikta var ganske dårleg - og det låg løparar spreidd over alt, seier han.

Etter løpet starta folkefesten Foto: Terje Engås

Folkefest

Sjølv om han er heilt gåen, ser han ikkje vekk i frå at han blir med fleire gonger, etter debuten laurdag. Han vann iallfall sin klasse på den gode tida 7 minutt og 59 sekund.

– Det var jo artig, med folk langs løypa. Mellom anna køyrde eg fobi ein lavvo med folk framføre som heia og ropte på meg.

Sjå bilda frå Alperittet her

For Alperittet vart ein folkefest på Stranda. Etter kvart kom det mykje folk til sentrum, sjølv om vêret ikkje var det aller beste.

Det var musikk, servering og karnevalstog, berre for å nemne noko. Og dette var berre starten på ein fest som skal halde fram utover i dei seine timar - heilt til det blir søndag.