– Ho bruker engasjementet sitt og sitt kunstneriske talent til å avsløre sider ved det moderne Norge som ikkje har nokon plass i festtalene om oss sjølv, heiter det blant anna i grunngivinga for utdelinga av prisen til filmregissøren.

Olin har laga fleire systemkritiske dokumentarfilmar med tema som om korleis eldre lever på sjukeheim, forholdet til sin eigen kropp, forholda i ei tiandeklasse i norsk skule og sist om einslege mindreårige asylsøkjarar i Norge.

Zola-prisen, som er oppkalla etter forfattaren Eµmile Zola, blir ifølgje statuttane utdelt til:

– Personar som opent og uredd har avdekt eller motarbeidd forhold i Norge som truar grunnleggjande verdiar i det norske samfunn: menneskeverd, demokrati og rettstryggleik, heiter det.

Blant dei tidlegare prisvinnarane finn vi blant andre Eva Nordland, Kadra Noor, Ole Kopreitan, Gunnar Stålsett, Tore Sandberg, Erling Borgen og Amal Aden.

Utdelinga av prisen blir tradisjonelt lagt så nært opptil utgivinga av Eµmile Zolas berømte artikkel «J' accuse» (Eg kjem med skuldingar), som mogleg (publisert 13. januar 1898).

I eit opent brev til den franske presidenten forsvarar Zola der den jødiske offiseren Alfred Dreyfus som vart utsett for justismord i 1895. Dreyfus vart til slutt benåda og frikjent.

Prisen er ein statuett - Zola-statuetten, utført i bronse og laga av billdehoggaren Johannens Block Hellum. (©NPK)