Det er første arbeidsdag for nyeordføraren. Han fortel at det har vore mykje prat om bomutspelet på rådhuset tidlegare på dagen. Meldinga om at det blir gratis å køyre frå Giske til byen har skapt god respons blant folk.

At det også blir gratis å køyre gjennom Moa på E39 frå Brusdalen til Sula er også god musikk i øyra til påtroppande ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll (Ap).

Gnist til storkommunen

– Dette er også i tråd med det Giske kommune har sagt tidlegare om den voldsomme bypakken, påpeiker Valderhaug.

Han meiner bomutspelet gjev grunnlag for å tenke i lag om næringsutvikling og busetting i regionen i staden for at ein bomring byggjer nye grenser.

– Bu- og arbeidsregiontanken har vore bakteppet for spørsmål om kommunesamanslåing. No kan dette vere med å gi gnist til vidare arbeid for regionkommune Sunnmøre utgreiinga. Det er Regionkommunen som er Giske kommune sitt vedtekne alternativ å utgreie . Alternativet er for tida å vere Giske som idag.

Dette kan vere ein invitt til å vidareføre arbeidet utan den fysiske hindringa bomstasjon og bomring kan skape, seier han.

Valderhaug trur det er andre ting som har gjort at prosessen med kommunesamanslåing har tapt litt terreng.

– Nye samansetningar i involverte kommunar har kanskje lagt ein dempar på framdrifta i arbeidet med dette. Bompengesaka kan kanskje vere det som stimulerer til å tenke litt i lag også på kommuneorganisering, seier han.

Det blir ingen bom på Taftasundet

– Kva tenkjer du om at det heller ikkje blir bom på Taftasundet?

– Bedrifta Valumin er kjøpt opp av H-vindauge og skal flytte frå Giske til Stette der dei samlar produksjon og arbeidsstad. Eg trur det er rundt 30 personar som flyttar arbeidsstaden dit. Vi håper sjølvsagt at dei kan reise på jobb utan at dei må igjennom ein bomstasjon.

Når det gjeld bomstasjonar generelt for ålesundsområdet skal vi vere med å betale veganlegg som er sårt trengt i byen for å få eit hensiktsmessig og bra vegnett inne i byen når vi er med å bruke det. Men å sleppe å betale for å komme seg ut i verda når vi ikkje skal ta fly, det er eit viktig prinsipp, seier Valderhaug.

Han har oppfatta samferdsleministeren slik at det skal gå an å køyre på hjul ut av distriktet utan å måtte betale. – På inn-/utfartsårar der det byggast nye veganlegg med betre standard er det kanskje meir naturleg å møte ein bomstasjon slik vi gjer rundt andre byområde, seier Valderhaug.

Sula vil ikkje bli sperra inne av bom

Jim Arve Røssevoll, påtroppande ordførar i Sula (konstituering skjer 22. oktober), ser positivt på bompengeforslaget frå rådmannen i Ålesund.

– Eg har ikkje lese saka grundig nok, men prinsipielt meiner eg at brukaren av vegen må betale.

(Artikkelen halder fram etter biletet.)

Sula: Jim Arve Røssevoll, påtroppande ordførar i Sula.

– Eg er ikkje motstandar av bompengar og meiner det mange stader er viktig og naudsynt for å finansiere prosjekt. Men det seier seg sjølve at folk ikkje synest det er rettferdig å betale dersom ein er på gjennomreise. Då blir dette ein ekstra skatt, påpeiker han og trur folk på Sula er temmeleg samde i synet på dette. Spørsmålet har også vore diskutert i kommunestyret tidlegare.

– Det kan ikkje vere slik at ein nabokommune skal bli sperra inne. Eg har ikkje reflektert over korleis ein skal løyse dette med tidsstyring, men det er heilt uhaldbart viss ein sperrar inne innbyggjarar i nabokommunar når dei skal andre stader. Har ein personleg ærend i byen og køyrer på veg med bomavgift, skal ein akseptere at ein må betale for det, fastslår Røssevoll.