Dette seier Aina Krakset, som saman med ektemannen Olav har drive besøkstunet Hakallegarden i Vanylven i ni år.

Garden er særleg kjend for sitt omfattande dyrehald, med pluss minus 15 dyrerasar på plass til ei kvar tid. Eit facebookinnlegg den 22. februar i år kom med eit kritisk innlegg mot tilstanden til ein av hestane på garden. Så tok det av.

Fin form – pjuskete pels

– Utgangspunktet var eit bilde eg sjølv la spontant ut på Facebook, av vår 34 år gamle fjordhoppe «Lilje». Eit barn hadde vagla tre høner på ryggen hennar. Hoppa er i fin form. Men som alle hestar som går ute er ho rufsete i pelsen denne tida, fortel Aina Krakset.

På Facebook fann ho altså eit innlegg med sterk kritikk av måten hesten stod fram på. Dette tok av, med stadig fleire som hivde seg på – utan å kjenne til korkje dyr eller bakgrunn. Nokre dagar seinare var to uniformerte representantar frå Mattilsynet på plass med umeld inspeksjon av dyrehaldet på Hakallegarden.

Fekk inspeksjon

– Eg rakk ikkje å få kontakt med dei to medan dei var på garden. Men eg ringde straks Mattilsynet, og fekk vite at det hadde kome inn ei anonym melding på bakgrunn av bildet mitt på Facebook. Då vart eg nokså sjokkert, at det går an å angje andre så lettvint til ein offentleg instans som Mattilsynet, fortel Krakset.

Ho fekk seinare kontakt med inspektørane, som bad ho ta saka med ro.

– Dei sa dei ikkje hadde funne noko alvorleg å setje fingeren på, og at hestane våre var i godt hald, fortel Krakset.

Uventa sterk effekt

Ho har ingen kritikk mot Mattilsynet i saka.

– Dei gjer jo berre jobben sin – og dei er greie å ha med å gjere. Ho seier det ikkje er første gongen det har kome uventa kritikk mot detaljar i dyrehaldet på garden. Men at det denne gongen fekk ei uventa sterk effekt fordi det utarta ukontrollert på sosiale media.

– Vi har jo aldri tatt mål av oss til at alt skal vere perfekt. Vi korkje prioriterer – eller rekk over - å strigle kvar einskild hest og esel dagleg gjennom heile vinteren. Men vi gjev alle dyra våre grunnleggjande godt og forsvarleg stell likevel. Kragset innser likevel at kritikk må ein kunne tole.

Brukar all fritid

– Men denne type angrep på sosiale media er svært vanskeleg å forsvare seg mot. Vi er ingen stor organisasjon, vi er to idealistar - som likevel er ressurssterke. Korleis skal det då vere når til dømes ein sårbar tenåring vert utsett for slik kritikk, undrar Aina Krakset.

– Vi brukar nesten alle våre pengar og all vår ledige tid, sju dagar i veka på denne drifta.

– Det gjer vi fordi vi opplever det som så meiningsfullt å kunne gje flest muleg eit slikt tilbod. Tilbakemeldingane frå barnefamiliar som har vore her har vore mange og svært gode å ha med seg gjennom desse ni driftsåra, seier Krakset.

Ho manar folk til å tenkje seg betre om før dei legg ut kritikk på sosiale media. Og ho stiller seg særleg undrande til at folk anonymt kan melde inn saker til Mattilsynet, utan vidare.

– Må vurdere sjølve

Seksjonssjef Anne Stine Foldal Aam i Mattilsynet avdeling Sunnmøre stadfestar at det er fullt mogeleg å sende anonyme uromeldingar til Mattilsynet.

– Så tek vi vurderinga i kvart tilfelle. I denne aktuelle saka er det ikkje konkludert eller skrive rapport enno. Men på generelt grunnlag vil eg seie at hesteeigarar sjølv må ta ansvar med å vurdere når eit dyr til dømes er for gammalt til å kunne halde oppe god livskvalitet.

– Dette kan variere mykje frå individ til individ. Men til eldre eit dyr vert, til større er faren for at det får plager som reduserer livskvaliteten. I mange tilfelle må slike individ også ha dyrt spesialfôr for å kunne få i seg nok næring, seier Aam.

Som mange andre hestar har fjordhoppa «Lilje» (34) fått ha pensjoniståra sine på Hakallegarden. Men dette bildet – med pjuskete vinterpels – enda nyleg med full inspeksjon. Foto: Aina Krakset
Aina Krakset er betenkt over kor lett det er å setje ut rykte og skape oppstand i sosiale media. Arkiv. Foto: Per Ove Stige