Norsk sjømateksport nådde nye høgder i fjor. Det er langt meir enn ein låg kronekurs som er forklaringa på dette. Eksportrekorden er resultat av ei god og langsiktig satsing av både næringa og styresmaktene.

Ein eksportverdi på 74,5 milliardar representerer meir enn ei dobling på ti år. I botnen av ei slik utvikling ligg sjølvsagt at næringa har produkt som er svært ettertrakta. Verda treng mat, og det kan sjømatnæringa tilby.Utan ei innovativ næring i samspel med styresmaktene, ville likevel ikkje veksten vere mogeleg. Solid omstillingsevne, bygd på god marknadskompetanse, har også vore viktig for at vi har kome såpass skadefrie frå dei russiske handelssanksjonane. Eit strengt, kunnskapsbasert forvaltningsregime har i tillegg sikra at vi har hatt ressursar å hauste av.

Ei langsiktig forvaltning av ressursane har sett oss i ein unik posisjon i verdsmarknaden. Denne posisjonen må vi kjempe for å behalde og styrke.

Potensialet til næringa er stort. Dette gjeld både det fiskerinæringa haustar frå havet og det oppdrettsnæringa dyrkar i den blå åkeren. Vi kan utnytte ressursane betre, vi kan auke vidareforedlinga og vi kan framleis vekse både i volum og verdiskapingsgrad. I ei tid då vi leitar etter nye bein å stå på etter oljen, er det viktig å satse der vi allereie har fortrinn å byggje vidare på. Sjømatnæringa er nettopp ei slik næring som kan vidareutviklast til å bere ein større del av sysselsetting og verdiskaping langs kysten.

Dette vil ikkje minst vere viktig for Møre og Romsdal. Fylket er i dag det største næringsmiddelfylket i landet, nettopp på grunn av fiskeri- og oppdrettsnæringa, og står for meir enn tredjeparten av den samla norske eksporten av mat.

Skal sjømatnæringa halde fram å vekse, vil Møre og Romsdal vere det viktigaste vekstfylket. Her har vi nokre av dei sterkaste kompetansemiljøa både på marknadssida, i tradisjonell fiskeindustri, på flåtesida og ikkje minst innan den biomarine industrien.Desse kompetansemiljøa må vi syte for å vidareutvikle og styrke i gode tider. Saman med eit nasjonalt løft for å sikre ei berekraftig utvikling både innan havbruk og fiske, vil det gi lyse framtidsutsikter i nordvest.