Klokka 10 starta den siste generalforsamlinga i Rem Offshore.

Åge Remøy er møteleiar og Stig Remøy er representert med ein advokat.

Sak 1 på møtet er forslag til vedtak om kapitalnedsetelse.

Aksjeeigarar Pål Ottesen, 21.000 aksjar (tilstades). Hareid Elektriske 370.000 aksjar (fullmakt), Stig Remøy 2 mill aksjar (v/advokat), Åge Remøy 16 mill aksjar.

Åge Remøy skal eige minst 50,1 prosent av aksjane. Og selskapet skal få inn ny kapital.

Einstemmig vedtatt: Skrive ned aksjeverdien til 50 øre.

Sak 2:

Forslag: Kapitalforhøyelse og nyteikning av aksjar. Åge Remøy går inn med 150 mill., til ein aksjekurs på 0,87 kroner. Altså overkurs. Tegnes av selskapet Forza AS v Åge Remøy.

Stig Remøy sin advokat spør kvifor minoritetsaksjonærar ikkje har fått mulegheit til å teikne nye aksjar.

- Det har vore heilt nødvendig for å få på plass denne løysinga. Det har vore eit krav frå Åge at dersom han skulle gå inn med egenkapital, må han framleis ha majoriteten, svarer finansdirektør Ola Beinnes i Rem Offshore.

Ifølgje Åge Remøy forventa bankane at han bidrog med såpass mykje eigenkapital.

Avstemming: Stig Remøy stemmer imot fordi det strider mot likebehandlingsprinisippet.

Vedtatt.

Sak 3:

Konverterer obligasjonsgjeld til eigenkapital. Rem Offshore hadde 790 mill i obligasjonsgjeld.

Obligasjonseigarane blir ifølgje dette forslaget sitjande med 40 prosent av Rem.

Einstemmig vedtatt.

Sak 4:

Ordre ved Vard som Rem Offshore ikkje kunne ta imot.

Vard konverterer sitt krav på 192 mill til 4 prosent av selskapet.

Einstemmig vedtatt.

Sak 5:

Oppløysing av selskapet. Fusjon.

Rem Offshore får A-aksjar i Solstad for sine 150 mill, mens dei gamle Rem.aksjonærane får B-aksjar (som i generalforsamlinga berre er verdt 10 prosent av A-aksjane. 10 prosent gjeld stemmerett i generalforsamling, ikkje nødvendigvis aksjeverdien i seg sjølv.).

Åge Remøy fortel at han forlangte A-aksjar for å stille med 150 mill.

Stig Remøys advokat protesterer igjen på det han opplever som brot på likebehandlingsprinsippet.

Vedtatt.

- Det var siste punktet på agendaen. Dermed har vi besegla Rem si skjebne. Det var sjølvsagt ingen enkel sak. Eg vil foreta ei symbolsk handling og fire flagget på utsida, seier Åge Remøy.

Åge Remøy seier han vil kome med ei pressemelding om kort tid.

Møtet avslutta.

Generalforsamling i Rem Offshore mandag 10.oktober. Foto: Staale Wattø