Landets fremste ekspert på forvaltningsrett og helserett, professor Jan Fridtjof Bernt seier at prosessen med å velje tomt til nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal langt på veg var eit skodespel. Bak kulissene har det vore halde møte, ført samtalar og utveksla e-postar som i all hovudsak har avgjort tomtevalet av Hjelset lenge før den formelle styreprosessen kom i gang.

Dette spelet i kulissane sette Astrid Eidsvik og styret i Helse Møre og Romsdal sjakk matt lenge før dei skulle legge fram si meining. Den opne og ryddige prosessen med å greie ut tomtevalet var nok i realiteten også mykje av eit skodespel. Fordelen med å velje ei tomt nær Kristiansund ville måtte ha vore vesentleg større enn å velje Hjelset, dersom ikkje dei uformelle føringane i retning Hjelset skulle ha slege igjennom. Når konklusjonen i utgreiinga var at dei to alternativa var likeverdige, var tomta nær Kristiansund sjanselaus.

Spelet i kulissane

Alt 22. oktober hadde styreleiarane i Helse Midt og Helse Møre og Romsdal eit møte der dei vart samde om at styra og administrasjonane måtte samarbeide fram mot avgjerda om tomteval. I Helseforetakslova står det at «Eiere utøver den øverste myndighet i foretak i foretaksmøte. Eier kan ikke utøve eierstyring i foretak utenom foretaksmøte.»

I ei slik formulering må det sjølvsagt ligge eit vilkår om at ein ikkje saksbehandlar sakene pr. e-post eller i lukka møte på førehand. Maktfordelinga og rollefordelinga må vere reell, og det er Helse Møre og Romsdal sitt styre som utan innblanding frå Helse Midt skal ta si avgjerd, og det skal skje etter ei innstilling frå administrasjonen ved direktør Astrid Eidsvik som også er utarbeidd utan innblanding frå høgare nivå.

Tuskeriet på utsida av regelverket er med andre ord ikkje berre dårleg eigarstyring, men også i strid med lova. Det er det som får jusprofessor Bernt til å kalle det som har skjedd for «skodespel».

Habilitet

Sunnmørsposten har også gitt lesarane innsyn i at adm. dir. og styreleiar i Helse Midt har gitt to styremedlemer innsikt i administrasjonens innstilling, og bedt om kommentarar frå dei, før det ordinære styremøtet vart halde. Dermed har dei gitt to styremedlemer innsikt som ikkje resten av styremedlemene har fått.

Professor Jan Fridtjof Bernt meiner at de to styremedlemene dermed i realiteten blir bundne opp til konklusjon og premissar i saksframlegget. Uansett burde spesialbehandlinga av desse to ha blitt opplyst på styremøtet, og då hadde kanskje også habilitetsspørsmålet kome i eit anna lys.

Uryddig saksbehandling

Styringssignal/eigarstyring skal etter Lov om helseføretak berre bli gitt i føretaksmøte. Når ein nyttar uformelle og ikkjeoffentlege prosessar ved sida av til å sikre seg at det i dei formelle føretaksmøta blir fatta dei vedtak som leiinga ønskjer, så korrumperer ein det som skal vere den ordinære og ryddige saksgangen.

Professor Hans P. Graver ved UIO har heilt rett når han seier at det i dagens helseforetaksmodell blir lagt opp til uryddig og uklar saksbehandling. I offentleg forvaltning er det klare prosedyrar om at underordna nivå gjer seg ferdig med si saksbehandling og sine vedtak før eit overordna nivå tar over.

Heile prosessen med dette tomtevalet er eit klart døme på at heile helseføretaksmodellen er moden for i alle fall revisjon, og kanskje aller helst også avvikling.

Med ein nasjonal sjukehusplan som er varsla, bør det vere mogeleg å gi rammer til kvart einskild av sjukehusa her i landet og også definere kva sjukehusa skal stelle med. Då kan ein kunne ut dette fordyrande og for svært mange også forvirrande mellomleddet som heiter regionale helseføretak.

På mange måtar har leiarane i denne saka operert som om helseføretaka var ein del av eit konsern, der saksgang og styringssignal går både horisontalt og vertikalt heile tida. Slik skal det ikkje vere i offentlege føretak.

Mistillit

Når legeforeiningane i både Kristiansund og Ålesund og Volda uttrykkjer mistillit til styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, så burde det vere eit sterkt signal om at det er behov for å skifte han ut. Uansett vil tillit vere heilt avgjerande i den vidare prosessen.

Leiarane frykta nok at det ville bryte ut krig på Nordmøre og i Romsdal nesten uansett avgjerd. Dei ville ikkje ha reprise frå sist der statsråden ikkje våga å ta avgjerd.

Difor var det denne gongen viktig ved hjelp av ulike uformelle krumspring på utsida av den formelle saksgangen, å presse fram vedtak som kunne få breiast mogeleg tilslutning. Då måtte direktør Eidsvik pressast til ein annan konklusjon enn den ho sjølv meinte var den rette.

Det skjulte og nokså frenetiske arbeidet i kulissane hadde opplagt som formål å få til ei mest mogeleg samstemt innstilling for at sjukehuset burde byggjast på Hjelset.

Med ein grundig utgreiingsprosess som konkluderer med to likeverdige tomtealternativ, kan ein undre seg over kven det er som er så intenst opptekne av at sjukehuset skulle byggjast på Hjelset?