Onsdag var det Fylkesmesse for Ungdomsbedrifter på Træffhuset i Molde. Der fekk 430 elevar vise kreativitet, skaparglede og konkurransementalitet.  Det var kåring av fylkets beste Ungdomsbedrift (UB), av dei 83 påmeldte, og uttak av fire ungdomsbedrifter til NM 2016.

Blant vinnarane er Generasjon Prestasjon UB, Ålesund vgs, Style benefits UB, Akademiet vgs. Ålesund, og Engage UB, Spjelkavik vgs.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.

Engasjement

Kirsten Aure, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, seier at dei tilbyr alle ungdomsskular i Møre og Romsdal fylke å melde seg på fylkesmessa.

– Dette engasjerer elevane. Mange brukar kveldar og helg til å jobbe med ungdomsbedriftene sine. Med Fylkesmesse for Ungdomsbedrifter skapar vi ein arena der elevane får vise fram resultatet av alt arbeidet sitt for fagpersoner frå arbeids- og næringsliv. Det er også eit tydeleg konkurranseelement. Det triggar elevane til å gje det ekstra som skal til, seier Aure.

Ungdombedriftene hadde scenepresentasjonar og fekk bevise til dommarpanelet i intervju om at dei var best. Utstillinga var open for publikum. Ungdomsbedriftene konkurrerer i 16 ulike kategoriar.

– No er vinnarar i seks konkurransar kåra, og fleire vert kåra utover dagen. Det er god stemning på messa i dag, og litt av eitt «trøkk». Her har vore 400-500 folk, seier Aure.

Nye innovatørar

Dette skuleåret driv 548 elever i Møre og Romsdal Ungdomsbedrift. Læraren er elevane sin vegleiar, og menneske frå lokalt arbeids- og næringsliv bidreg med erfaring og tips. I tillegg får elevane tilbod om å ta del i ulike kurs i regi av Ungt Entreprenørskap, med tema som inkluderande arbeidsliv/HMS og rekneskap. Elevene skapar sine eigne forretningsidear og driv bedriftene gjennom skuleåret.

– Innovatørar trengs overalt i det norske samfunnet. I arbeidet med Ungdomsbedrift får elevane jobbe med kreativitet og nyskaping. Dei arbeidar i team for å oppnå resultat, dei kommuniserer aktivt med eksterne fagmiljø, og dei får erfaringar med kva de sjølv er gode på og kva de trenger andre til. Dette er verdifull læring som i større grad burde prege norsk skulekvardag, seier Aure.

Premieutdeling i konkurransane

Beste markedsføring:

  1. Generasjon Prestasjon UB, Ålesund vgs

  2. Drømmebiten UB, Alanten vgs

  3. Brød-rett-hjem UB, Stranda vgs

Beste nettsted:

  1. Style benefits UB, Akademiet vgs. Ålesund

  2. Flexi Box UB, Spjelkavik vgs

  3. Generasjon Prestasjon UB, Ålesund vgs

Beste forretningsplan:

  1. Brød-rett-hjem UB, Stranda vgs

  2. Flexi Box UB, Spjelkavik vgs

  3. bli Z UB, Romsdal vgs

Beste reklamefilm:

  1. Engage UB, Spjelkavik vgs

  2. Reflexive UB, Ulstein vgs

  3. Økotrash UB, Akademiet vgs. Molde

Beste logo:

  1. Sea Level UB, Romsdal vgs

  2. Easy Carry UB, Spjelkavik vgs

  3. Sitting UB, Sykkylven vgs

Beste brosjyre:

  1. Inspire Media UB, Akademiet vgs. Ålesund

  2. Flexi Box UB, Spjelkavik vgs

  3. Sitting UB, Sykkylven vgs

Beste innovative produkt:

  1. Sea Level UB, Romsdal vgs

  2. Sunn Snacks UB, Stranda vgs

  3. Tante Rød UB, Sykkylven vgs

Gastronomiprisen:

  1. Sunn Snacks UB, Stranda vgs

  2. Ostemakerne UB, Gjermundnes vgs

Beste yrkesfaglige bedrift:

  1. Kafémat UB, Stranda vgs

  2. Sunn Snacks UB, Stranda vgs

  3. Min IT UB, Gjermundnes vgs

Beste sosiale entreprenør:

  1. Husgjengen UB, Sykkylven vgs

  2. Generasjon Prestasjon UB, Ålesund vgs

  3. Look-UP UB, Ulstein vgs

Beste kulturbedrift:

  1. Tante Rød  UB, Sykkylven vgs

  2. Drømmebiten UB, Atlanten vgs

  3. Mega Studio UB, Ålesund vgs

Beste utstilling:

  1. Brød-rett-hjem UB, Stranda vgs

  2. Flexi Box UB, Spjelkavik vgs

  3. Easy Carry UB, Spjelkavik vgs

Størst verdiskapningspotensial:

  1. Sea Level UB, Romsdal vgs

  2. Laksen Lusefri UB, Atlanten vgs

  3. Brød-rett-hjem UB, Stranda vgs

Beste HR-bedrift:

  1. Drømmebiten UB, Atlanten vgs

  2. Mega Studio UB, Ålesund vgs

  3. Generasjon Prestasjon UB Ålesund vgs

Beste Ungdomsbedrift:

  1. Brød-rett-hjem, Stranda vgs

  2. Husgjengen UB, Sykkylven vgs

  3. Sea Level, Romsdal vgs

Beste regnskap:

  1. Bond it UB, Atlanten vgs

  2. FlyBook UB, Atlanten vgs

  3. Generasjon Prestasjon, Ålesund vgs

Beste selger:

  1. Telma Fevåg

Disse er invitert til å delta på NM:

Beste Ungdomsbedrift: Brød-rett-hjem UB, Stranda vgs

Wild card: Husgjengen UB ved Sykkylven vgs, og Look Up UB frå Ulsteinvik vgs.

Vinner av innovativt produkt: Sea Level UB, Romsdal vgs.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook