Sunnmørsposten på makrellfiske. Les også:Del 1: Blir det stordag som i går?Del 2: Fangst på første forsøkDel 4: Berga dagen på overtid

Det såg lenge lovande ut. To timar etter at den første kastet var avslutta fann skipper Andreas Volle ein ny flekk han meinte var høveleg.

– Den er mindre enn i stad, meinte skipper Volle, som likevel ga beskjed om å kaste.

Då nota kom i sjøen såg det ut til at det ikkje berre var ein flekk i nota, men to. Så kanskje vart det eit bra kast likevel?

– Vi må først få han. Det er første bud. Det er store hol å symkje ut på enno, sa skipperen.

Bekymringa skuldast nok at dette var makrell av den urolege sorten.

Og då mannskapet på dekk hadde gjort sin del av jobben, viste det seg at det berre vart 75 tonn i dagens andre kast på «Fiskeskjer».

– Det skulle vere meir enn dette, meinte skipperen.

– Ditta var ikkje mykje, meinte sjefen i styrehuset.

– Skal eg skrive at du er mellomfornøgd, eller er du misfornøgd?

– Helst misfornøgd, ja.

– Men du rekk eitt kast til?

– Jadå.

Sunnmørsposten har hatt eit reportasjeteam på «Fiskeskjer». Til nett er det levert fire reportasjar. Det blir meir å lese i papirutgåva.