Særleg siste veka har det vore nesten døgndrift på enkelte punkt av den nye vegparsellenn frå Hjartåbergtunnelen til Geitvika i Austefjorden, der Kvivsvegen offisielt startar og går vidare til Grodås i Hornindal.

Vått og tørt

Torsdagen vart ekstremt våt for dei mange arbeidarane som er i sving, men fredag den 13., dagen før opningsdagen, lysna det opp att og gav gode arbeidsforhold til innspurten.

Strøkent

Nye E39 gjennom Selvikberget i Austefjorden har alt fått mykje trafikk. Foto: Knut Arne Aarset

Fleire handverkstypar og fag er involvert i prosessen med å kunne presentere nyanlegget så strøkent som berre muleg - før samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skal klippe opningssnora laurdag den 14. juni i middagstider.

Tunnelen

Trafikken gjennom Hjartåbergtunnelen går for fullt - parallellt med inspurten på asfaltlegginga kring det opningsklare anlegget. Foto: Knut Arne Aarset

Dette skjer på den nye rasteplassen rett aust for munningen av den 3.455 meter lange Hjartåbergtunnelen, som  er eit rassikringsprosjekt. Totalt sett er det med det nye prosjektet skapt 36 kilometer ny veg av stamvegklasse frå Volda til Grodås.

Fest

Her er det rigga opp både scene og eit alvorleg stort festtelt. Trass gode vermeldingar, Statens vegvesen tek ingen sjansar på ein reprise på torsdagens opne himmelsluser. - Her vert det både korpsmusikk, talar, andre kulturelle innslag og enkel servering, inviterer prosjektleiar Oddbjørn Pladsen.

Marsipan-stopp

Pladsen nemnder at i samband med det opne arrangementet, som han reknar med kan samle mykje folk, vil det verte nokre stopp i trafikken forbi. Då kan ein kanskje like godt stoppe heilt, stige ut og få seg E39-marisipankake på staten sin spanderkostnad..?

Topp rasteplass

Og rasteplassen her, han er eit kapittel for seg sjølv. Svært romlseg, med moderne toalettanlegg, benkar og bord av eit resirkulert treslag nytta i eit dansk kaianlegg, steinformasjonar, plantar og plen.

Bruer

Gamlebrua over Hjartåelva frå 1904 - kvelvingsbru i naturstein - er teken vare på. Foto: Knut Arne Aarset

Den gamle steinbrua over Hjartåelva er sikra som ei aktivt og vakkert klenodium. Og ei ny speisiell bru for folk og fe til fots er på plass lenger oppe i elva. Framleis er ikkje areala tilsått, men mange har likevel alt karakterisert området som ein praktplass for stogg, kvild, natur og utsyn. Laurdag kan kven som vil oppleve det - nesten - ferdige resultatet. Snart blir det grønt i grøntareala...

Rekkverk må opp - før festfolkehopen kjemp til vegopning... Foto: Knut Arne Aarset
Fuging av ein skiferlagt plass - og dandering med mold på utsida. Foto: Knut Arne Aarset
Handverkarar frå Sandal as har lage denne handmura steinbenken - som kløyver den gamle riksvegen utover mot avstengde Hjartåberget. Foto: Knut Arne Aarset