Nok ein gong har Kleven Maritime sett rekord. Driftsresultatet for i fjor enda på 5,0 milliardar kroner, opplyser selskapet. Året før var omsetninga 4,2 milliardar.

Konsernet består i første rekke av Kleven Verft og Myklebust Verft.

Men innteninga var ikkje like god. Kleven-konsernet leverte eit driftsoverskot på 76,0 millionar kroner i 2014, mot 172 millionar kroner i 2013, opplyser selskapet.

Investeringar

– Eit driftsoverskot på 76 millionar kroner på ei slik stor omsetning er vi ikkje nøgde med, seier konsernsjef Ståle Rasmussen. – Vi har hatt stor vekst, og gjennomført rekordmange byggeprosjekt, men også hatt gjennomføringsproblem knytt til prototypar og tekniske utfordringar. Som ein følge av dette har vi sett i gong arbeid med forbetringar på ei rekke område, seier Rasmussen i ei pressemelding.

– Vi er inne i eit omfattande investeringsprogram som det framleis er knytt mykje arbeid til. Dette har vore krevjande samtidig med stor drift, men langtidseffekten av investeringar vil gi oss betre tilhøve for framtida, seier konsernsjefen.

God ordrebok

Konsernet leverte i løpet av 2014 åtte nybygg, alle til norske eigarar.

Ved utgangen av 2014 hadde konsernet 768 tilsette, om lag det same som året før.