Dette gav eit svakt og vesentleg svakare resultat enn i 2013, melder konsernet i ei pressemelding.

Tussa fekk i fjor eit driftsresultat på 77,6 millionar kroner – og eit resultat før skatt på 34,3 millionar kroner.

Tilsvarande tall frå året før var eit driftsresultat på 152,7 millionar, og eit resultat før skatt på 111 millionar.

Styret har vedteke å avsetje 16,7 millionar kroner til utbyte i 2014 i samsvar med aksjonæravtalen som gir signal om eit utbyte på 60 prosent av gjennomsnittet av dei siste tre årsresultata.

Utbytet utgjer 5.500 kr pr. aksje.