Kjøkkenprodusenten Kvalsvik har gått med store tap etter flyttinga frå Hareid i 2008.

– Forhåpentlegvis flyttar vi tilbake til Sunnmøre, seier Geir Kvalsvik til Sunnmørsposten.

Han angrar bittert på at han flytta produksjonen av Kvalsvikkjøkken frå Hareid til Dombås.

Dåverande kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa opna Kvalsvik si Dombås-avdeling med brask og bram. Dovre kommune hadde reiste eit fabrikkbygg til meir enn 40 millionar kroner. Kvalsvik flytta all sin produksjon frå Hareid til Dombås.

Frå pluss til minus

Men samtidig med flyttinga vart bedrifta også eit stort tapsprosjekt. Han meiner finanskrisa same år er ei av årsakene.

Før flyttinga var årsresultata positive, meir enn to millionar kvart år. Etter flyttinga har årsresultata vore negative, i snitt minus to millionar kroner årleg.

No er firmaet skuldig både dei tilsette og kommunen.

Konkurs

Produksjonsdelen av firmaet slår seg no konkurs.

– Vi er i dialog med eit anna firma om å få produsert varene. Forhåpentlegvis flyttar vi produksjonen tilbake til Sunnmøre, men det er også to andre stader vi kan flytte den til, seier Geir Kvalsvik til Sunnmørsposten.

Han understrekar at kjøkkenprodusenten Kvalsvik består.

Løn

Firmaet er skuldig Dovre kommune 1,7 mill. i husleige. Dette er no omgjort til eit langsiktig lån, seier Kvalsvik.

Men ifølgje Svein Grandalen i Fellesforbundet har firmaet også halde tilbake fleire hundre tusen kroner i løn til dei tilsette.

– Å halde tilbake er sterke ord, meiner Kvalsvik.

– Men både norske og utanlandske arbeidarar har uteståande løn og andre ytingar for ein periode på to månader, dersom ein tek med januar som skulle vore utbetalt i desse dagar.

Kvalsvik forklarer dette med at bedrifta er under avvikling.

– 4. februar kom eg til at det ikkje er grunnlag for å drive vidare. Det betyr også at eg ikkje lenger har løyve til å betale ut frå buet, seier han.

Rot

Svein Grandalen i Fellesforbundet seier at han ikkje har vore borti maken til rot frå ein arbeidsgjevar.

Han meiner ordninga med «nordsjøturnus», der dei utanlandske arbeider 12-timarsdag, ikkje er lovleg etter Arbeidsmiljølova.

– Vi tok kontakt med Arbeidstilsynet straks etter dei første avisoppslaga og bad dei kome hit for å gå gjennom dette, kontrar Geir Kvalsvik.

Forfølgd

Ved fleire tilfelle har Kvalsvik følt seg forfølgd av lokalavisa Gudbrandsdølen Dagningen. I januar skreiv GD at bedrifta ikkje betaler renovasjonsavgift, slik at søppelberget veks utanfor fabrikken.

– Vi sorterer papp og plast som blir levert for seg. Alt brennbart blir kverna og brukt i varmegjenvinningsanlegget, svarer Kvalsvik til Sunnmørsposten.

– Før jul vart det prioritert å få betalt ut løn framfor å bytte konteinar, eg syntest det var ei rett prioritering, seier han.

Tjuveri?

Kvalsvik har på si side meldt fleire av dei tilsette for tjuveri.

Dei som pendlar mellom Polen og Norge har budd i eit hus som er eigd av bedriftsleiaren. Kvalsvik bad nyleg om å få besøke huset. Der og i tilhøyrande garasje og uthus oppdaga han ei rekke varer som han meiner er tatt frå bedrifta.

– Vi fann ein del varer frå fabrikken som såg ut som det var pakka for vidare transport. Etter å ha sett i kjellar og uthus og funne meir av firmaets eigedom der også, vart det ringt etter politiet, fortel han.

Fellesforbundet sin Svein Grandalen har ikkje sjølv vore på staden, men frå tilsette har han høyrt at det dreiar seg om ukurante varer, i tillegg til eit Kvalsvikkjøkken som ein av dei tilsette hadde kjøpt.

Ifølgje Geir Kvalsvik er det funne fleire hundre kilo nyproduserte varer, i tillegg til verktøy, frå fabrikken. Politiet har oppretta sak.

– Dette er den mest kjedelege avslutninga på Dombås vi kunne fått.

– Angrar du at du flytta produksjonen frå Hareid?

– Ja! svarer Kvalsvik.

Geir Kvalsvik, dagleg leiar og eigar av Kvalsvik Produskjon AS. Foto: Vidar Heitkøtter, GD
Svein Grandalen er organisasjonsarbeidar for Fellesforbundet i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Han kom inn i denne saka i midten av januar. Foto: Fellesforbundet
ARKIV. I 2007 vart tilsette ved Kvalsvik på Hareid orientert om at produksjonen skulle flyttast til Dombås, her representert ved Mona Sollien (t.v.) og Meryan Mork. No håper Kvalsvik det blir muleg å produksjonen tilbake til Sunnmøre. Foto: Karl-Petter Løvoll