Ulstein Verft har inngått ein byggjekontrakt med tyske Bernhard Schulte på to serviceoperasjonsskip (SOV) med ULSTEIN SX175-design utvikla av Ulstein Design & Solutions. Dei endelege detaljane på arrangement og utstyr på skipa har vorte utarbeidd i samarbeid med WINDEA Offshore GmbH & Co. KG, som er Bernhard Schulte sitt kompetansesenter for offshorevindprosjekt.

- Leveringspresisjon var førsteprioritet for oss då vi skulle fastsetje kva byggjeverft vi skulle velje. Vi vurderte fleire verft over heile verda, og Ulstein Verft vart valet vårt. Dei har eit solid omdøme, ikkje berre på å halde leveringsfristar, men også på å levere innovative skip med høg kvalitet, seier Matthias Müller, direktør for forretningsutvikling i Bernhard Schulte i ei pressemelding.

Nytt segment

- Dette vert dei første serviceoperasjonsskipa til vindindustrien som vert bygde ved Ulstein Verft. Skipa er nyutvikla, og med mange nye finessar. Vi er eit verft som er spesialiserte på å byggje avanserte prototypar, med eit sterkt miljø innan detaljdesign, integrasjon og prosjektstyring. Vi gler oss til å levere to førsteklasses skip i andre kvartal 2016 og første kvartal 2017, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.

Skipa har innreiing for 60 personar i einmannslugarar, der 40 av desse lugarane vil verte nytta av  teknikarar som skal utføre vedlikehald på vindturbinane. Den viktigaste oppgåva til eit servicefartøy innan offshorevind er å halde seg i posisjon tett attmed turbinane, med minst mogleg rørsle, slik at teknikarane kan gå trygt frå skipet gjennom ein hivkompensert gangveg til turbinane.

Første med X-STERN

Skipa vert dei første av Ustein SX175-designet, utvikla for å kunne stette behova i offshorevindindustrien. Viktige innslag er den nye akterutforminga X-stern , og tilsvarande den velprøvde baugforma X-bow. Skipet kan leggje seg anten med X-bow eller med X-stern mot vêret, noko som aukar den tida skipet kan utføre operasjonelt arbeid.

- Vi har hatt eit nært samarbeid med reiarlaget gjennom denne prosessen, og er svært nøgde med at Windea valte denne innovative løysinga, og at dei første fartøya med X-stern no vert bygde, fortel Kolbjørn Moldskred, salsansvarleg for offshorevindfartøy i Ulstein Design & Solutions.