Fylkesmannen sin presentasjon av nytt kommunekart i Møre og Romsdal blei vist på storskjerm på Kaffebaren i Ulsteinvik. Leiar og nestleiar i ungdomsrådet, samt ordføraren i kommunen, var blant dei frammøtte.

– Dette var veldig spennande å følgje, seier Aurora Dimmen Brattli, som er leiar i ungdomsrådet.

Få oversikt: Les alle kommunereform-sakene her

Vil sjå dei nye oppgåvene

Fylkesmannen vil ha Ulstein og Hareid som ein kommune på kort sikt, men vil at alle fem kommunane på ytre søre Sunnmøre skal slåast saman på lang sikt.

Brattli meiner tilrådinga frå Fylkesmannen er fornuftig, men understrekar at dette er hennar personlege meining. Medlemene i ungdomsrådet har ulike syn og har valt ikkje å ta stilling til spørsmålet om kommunesamanslåing.

- Personeleg meiner eg Runde kommune er naturleg. I dette området har ein mange interkommunale samarbeid, men folkerøysting viser at ikkje alle er like positive. Det blir lettare å sjå korleis det kan bli når ein får vite kva oppgåver kommunane skal ha, seier Brattli, som lurer på kor langt fram i tid Fylkesmannen meiner når han seier «lang sikt».

Nestleiar i Ulstein ungdomsråd, Rebecca Hareide Vartdal, er einig med Brattli i at framlegget til Fylkesmannen er fornuftig.

– Men eg er overraska over at han vil ha berre sju kommunar i fylket, seier ho.

Modningsprosess

Ein annan som likte det han høyrde, er Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp):

– Fylkesmannen har tenkt mykje rett. Han har gjort sjølvstendige vurderingar slik Stortinget har bede om. Og han har sett i forhold til krieterium som vil gi robuste kommunar i framtida. Eg meiner han har truffe rimeleg bra, seier Engh.

Han synest også det er svært forståeleg at Fylkesmannen har gitt ei todelt innstilling.

– Kommunereform er ein modningsprosess, og vi ser at folk treng tid til å modne, seier han.

Ulstein vil gjerne slå seg saman med Hareid, men i Hareid er det motstand.

Må ty til kraftigare metodar

Engh ser at frivilliglinja ligg til grunn i Stortinget.

– Men når ein ser at ein ikkje oppnår måla i reforma, vil ein måtte ty til kraftigare metodar. Om det vil skje no eller i neste runde er eg usikker på, seier Engh.

Han meiner det beste vil vere om ein klarer å få til eit breitt forlik i Stortinget om større kommunar. Spesielt gjeld dette for samanslåing av mindre kommunar.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

På Kaffebaren i Ulsteinvik fekk dei som ville sjå Fylkesmannen sin presentasjoni Molde på storskjerm. Foto: Anne-Mari Tomasgard