No er det opp til dei unge

Idar Skottet skulle gjerne vore med heilt opp på Ytste Skotet i dag. Han vaks opp rett ved, på Me-skotet, og har sidan hatt ei sterk dragning tilbake.

– Kvar sommar var det likeins: eg fekk ikkje fred i meg før eg hadde vore der oppe.

Tidlegare tok han titt og ofte seige økter med slått. No har helsa byrja å svikte, andre må ta over.

Vi er på kaia på Dyrkorn, og vi har god oversikt over Ytste Skotet der oppe over stupa på andre sida av fjorden. Leiaren i Storfjordens venner, Kjell Løseth er her også.

– Vi må formidle kulturarven vidare.

Han meiner at det å vite korleis folk klarte seg før, i nøysemd, både er nyttig, og er verdifullt i seg sjølv.

Stina Johansson kjem over fjorden i båt og går i land på Dyrkorn. Ho og Idar slår av ein hjarteleg prat, der også reint praktiske tema er essensielle.

Stina er frå Uppsala. Naturen på Sunnmøre og friluftslivsstudia i Volda bringa ho kanskje ikkje austanfor sol, men iallfall vestanfor for vasskiljet.

Ho er no på den vekentlege handleturen til Stordal. Sjøen er vegen, for fjellgarden er fri for vegsamband og den slags. Ein periode måtte ho og dei andre ro, då motoren streika.

– Her må ein rekne med at ikkje alt går etter planen heile tida, seier ho.

No går propellen så vatnet sprutar.

Vel i land hentar ho 15 kilo førehandstinga lammekjøt, til komande gjester. Ho trillar kjøtet og andre varer på kantane av handlevogna, langs hovudvegen, og lastar dei over i båten. Så fyller ho kanner med drivstoff, til taubane, aggregat og slåmaskin.

– Utan slåmaskina hadde det tatt uhorveleg lang tid å slå alt graset, fortel Idar på Dyrkorn.

Han legg til at ljåen sjølvsagt skal takast fram, når skuleklassar og andre vitjar bruket.

Berga i siste liten

Det var ikkje nokon sjølvfølge at Ytste Skotet skulle overleve.

– Det var ei katastrofe, seier Idar når han tenker tilbake:

Eit kraftig uvêr reiv ned tak og vegger, som allereie knela under manglande vedlikehald og tidas tenner. Då hadde bruket ligge brakk sidan 1954. Dette skjedde i 1989, og Storfjordens venner tok affære.

Ytste Skotet var eigd av tre søsken. Rådgjevar for Storfjordens venner, Gunnar Amdam, og Idar, tok kontakt for å høyre om det var mogleg å la nokon andre ta

over bruket.

– Det var eit særdeles negativt første møte, fortel Idar, med trykk på «særdeles».

Bodskapen var nemleg at «det der sarvet der skal få gå tilbake til naturen».

Men, etter ha grunna litt over saker og ting avgjorde søskena at dei skulle gje Ytste Skotet vidare til Storfjordens venner. Dei fekk så hyra handverkarar som var i stand til å rekonstruere, eller «bygge det sånn som det var» for å nytte Kjell Løseths klare tale.

Eit landemerke frå vikingtida

Kor gammalt er eigentleg Ytste Skotet?

– I Snorres soge om Olav den heilage, då Olav segla og skulle inn til Valldalen, står faktisk namnet «Skot» nemnt, fortel Idar.

– Olav den heilage vart jaga frå Steinvågen i Ålesund, med Håkon Jarl i hælane. Men Olav hadde ein hjelpesmann som heitte Kalv Arnesson. Det står i soga at medan Olav flykta vidare, snudde Kalv ved «Skot», legg Kjell til.

Idar fortel korleis han har fått namnet forklart:

– Eit skot er noko som liksom peikar, stikk ut, og det gjer denne fjellhylla.

Kjell har tatt med boka Med hjarte for arven, om Storfjordens venner. Ho supplerer forklaringa:

«Segna seier at då Heilag-Olav reiste forbi Skotet, skaut han ei pil opp i fjellsida, og ein stor fjellhammar raste ut. Det vart opphavet til skotsgardane, derfor heitar denne hylla Skotet».

Slår graset av omsyn til floraen

Før vart graset nytta til vinterfôr. Slik er det ikkje lenger.

Idar fortel at dei prøvde seg med å ha ei tilsett også heile vinteren, i tre år.

– Kvar morgon kika eg over etter livsteikn. Å ha ein person til å gå der oppe åleine gjennom heile vinteren, det var eigentleg i meste laget, fortel han.

No blir berre ein symbolsk del av graset lagt på løa, slik at ungar og andre entusiastiske sjeler kan hoppe i høyet, eller overnatte der. Likevel har slåtten ein viktig funksjon. Fleire raudlista artar er heilt avhengige av gammalt, økologisk drive kulturlandskap for å halde fram med å eksistere. Kjell har observert ein særs sjeldan art i floraen:

– Den gulbrune køllesoppen finst etter det eg veit berre her på Ytste skotet, om han ikkje har forsvunne, og i Sveits, fortel Kjell.

Museumsbonde med mobiltelefon

Når Stina går i land ved brygga vel to hundre høgdemeter under fjellgarden, blir vi møtt av dei tre bukkane bruse sine tre søstrer. Dei ser seg ikkje nøydd til å gå til seters for gjere seg feite, for jaggu nyttar dei høvet til å smake på purreløk og anna som Stina har kjøpt. Stina lastar opp gassbehaldaren og alt det andre på taubanen, før vi ruslar oppover. Stien er delvis hellelagt, av sherpaer.

– Stien vart bygd opp att og flytta, etter at han vart øydelagt av eit ras, seier Stina.

Dette skjedde seinvinteren 2012.

Geitene kjem i hælane på Stina der ho går med kjappe skritt oppover stien. Ho klappar den eine av dei, og etter det er det nesten ikkje råd å kome seg vidare.

– No sperrar ho for oss, fordi ho vil ha meir klapp, forklarar Stina med eit smil.

Vi trippar oppover steinhellene, geiter og folk, og det er som å gå tilbake i tid. Men vi har ei livbøye til notida: Mobilen til Stina ringer omtrent i det vi når opp til det «öppna landskap».

Brud nummer to

Kjensla ein kan få når ein stig ut av skogen og over på eng, er grobotn for romansar.

– Vi måtte søke til biskopen om å få bli vigsla her, fortel Inger Johanne Langeland.

Ho har tatt den spreke turen over fjellet saman med veninner, og har den umiskjennelege fargen av haustmogen blåbær kring leppene. Her gifta ho seg for 14 år sidan.

– Landskapet som opnar seg når ein kjem opp, kan slå pusten ut av deg, seier Inger Johanne.

Ho og mannen hennar hadde ikkje kjent kvarandre så lenge då dei var her for fyrste gong. Dei vart brått samde om at dersom dei nokon gong skulle gifte seg, måtte det skjer her.

Biskopen godtok søknaden, truleg fordi det hadde vore eit knippe friluftsgudstenester på Ytste Skotet allereie. Men paret vart slått på målstreken då det gjaldt å bli dei første.

– Nokon andre var plutseleg raske med å få gjennomført bryllaup her, rett før oss.

Dermed vart Inger Johanne den andre bruda på Ytste Skotet. No er lista langt lengre.

Gjesteboka fortel

Lukta av relativt ferskt og kvitt papir blandar seg med den karakteristiske dufta av hus med lang historie – av vedfyring, støv og tjære. Her kan ein poste ein status som andre som kjem innom seinare, kan lese. Gjesteboka er gamle dagar sitt svar på sosiale medium.

«Etter å ha snakket i fleire år om å ta turen hit, kom vi oss endelig over fjorden (takket være en grei hjelper som hjalp oss å få hunden om bord)», skreiv ei dame i 2013.

Eit døme frå i år, kan røre ein kvar: «No sit eg her i den gamle stova, kor forfedrane mine har vakse opp. Tårene renn og følelsene er store. Respekten stig for dei som budde her, og vaks opp og så drog her ifrå. Ein stor draum i livet har gått i oppfylling i dag. Og nett no forstår eg verkeleg kven eg sjølv er. Eg møtte aldri bestefar, men takk for historia du har gitt meg».

Skotet-tid

Stina er ikkje åleine på skotet. Ørjan Køhl er nytilsett på garden. Han har både slått og hesja i løpet av dagen.

– Her er alltid noko å gjere. Ein blir aldri ferdig uansett, derfor er det heller ikkje noko grunn til å stresse, fortel han.

Stille er i ferd med å bli noko eksklusivt i verda. Her oppe har ein mykje av det.

Stina fortel at ho søv ekstra godt her oppe.

– Ein er ikkje splitta, men samla om dei daglege gjeremåla.

Her følger ein ikkje klokka, men «Skotet-tid», det er dei einige om.

Det heitar at ein ikkje kan stille klokka tilbake, men her kan ein kanskje få ho til å stå stille.

tilbake i tid: Ytste Skotet er som eit vindauge der ein kan sjå eit skuffutsnitt av fortida. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
taubane: Stina lastar opp rasjonar. Purreløken manglar nokre bitar. Geitene veit kvifor. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
Hurtigruten kontra Skotet-tid: Hurtigrute-skipet glir raskt forbi Inste Skotet, Me-Skotet og Ytste Skotet. Der oppe går tida langt saktare. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
Kaptein: Stina Johansson setter kursen mot Storfjorden, for å handle nødvendige varar. Hundre prosent sjølvberga er museumsgarden ikkje, men han byr på mange ulike roller for dei som driv han. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
SkuffEkake og skuvseng: Det går mest i tre og metall som material på Ytste Skotet. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
gode minne: Inger J. Langeland var sikker i sin sak: bryllaupet måtte bli her, på favorittstaden. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
Fortøying: Stina fortøyer farkosten. Dette er naturlegvis eit eldgammalt gjeremål på ein stad der raskaste veg er sjøleia. Men no er tauet syntetisk, av nylon. Båten er av det motoriserte slaget. Foto: Tarjei Engeset Ofstad
Husvarm: Ørjan Overrein Køhl tar ein pause frå sitt virke som naturguide på Svalbard. Han finn avveksling og ro gjennom å arbeide på denne tradisjonelle, sunnmørske fjellgarden. Han og Stina kjenner kvarandre frå før, gjennom frilufts- og studentmiljøet i Volda. Foto: Tarjei Engeset Ofstad