Hovden flyplass vart fredag stengd grunna lynnedslag. Laurdag tidleg ettermiddag var flyplassen framleis stengd for vanleg trafikk i fleire timar, men frå 14-tida rekna leiiinga med at flytrafikken ville gå som normalt.

– Det er eit linjebrot som Telenor må reparere, men vi får avvikla trafikken ved hjelp av ei mellombels løysning, seier lufthamnsjef Sverre Bae til smp.no.

Klokka 16 laurdag ser det ut til å gå greitt, med tre fly landa og avreist att.

Sjekk oppdatert informasjon på Avinor sine nettsider

Trass dei tekniske problema fekk Widerøe-flyet frå Oslo via Bergen i føremiddag lande om lag ein time forsinka ved 11.30-tida. Årsaka var at vergudane stod på flykapteinen si side.

– Om vi kan ta ned flyet mellom snøbyene, kan det lande på visuell innflyging, sa Bae på førehand.

Slått ut

– Navigasjonsinstrumenta er slått ut og skaper problem, fortel lufthamnsjefen.

Det var fredag kveld vanskane oppstod, og to fly vart då nøydd til å snu i luftrommet over Hovden.

Må rute om

Eit fly fredag vart omdirigert til Oslo, og det andre, som kom frå Bergen og skulle via Hovden til Oslo, måtte fly direkte til Oslo.

– Det gjorde eit forsøk på å lande her, men det gjekk ikkje, seier lufthamnsjefen.

– Det får konsekvensar for både dei som sit her og ventar og dei som skulle av her, fortel Bae.

Unni Brenk Rønning har ei svigerdotter som skulle reise, men som fredag sat fast på flyplassen.

– Eg sende sonen min dit, og han er ikkje komen tilbake, så det er nok ikkje i orden, fryktar ho.

Lufthamnsjef Sverre Bae ved Ørsta/Volda lufthamn Hovden.