Orda kjem frå den yngste i arbeidslaget frå Nepal, Kunsang Tsezing Sherpa (29). Han gliser litt og lirkar nok ein stein på plass, der dei tre arbeidskameratane står og held ope kileholet med kvart sitt spett. Her oppe under toppen av fjellet Saksa ser sherpa-laget ut til å vere i sitt beste element.

Karane kjem frå same landsby i det jordskjelvherja fjellandet Nepal. Dei er med andre ord fødde og oppvaksne i tynn luft, 3.100 meter over havnivå. Den eine av dei, Sona Sherpa (40), har jamvel vore til topps på Mount Everest to gonger.

– Tynn luft plagar oss ikkje i det heile tatt her. Det mest spesielle i forhold til heime, er å kunne sjå ned på desse vakre fjordane, seier Sherpa.

Imponerande

Dei fire har vore i arbeid berre ein lang og god arbeidsdag når Sunnmørsposten og leiaren i dugnadsgjengen på Urke får gleda av å inspisere steinråsa dei har laga. Kring førti meter ferdig trakk er alt på plass. Framdrifta og måten dette er gjort på er ikkje anna enn mykje imponerande. Dugnadsorganisator Jens Arve Forbord ser straks at her har turstiforeininga skote blink.

– Nydeleg arbeid. Så stødig sti som ein berre kan ønskje seg, og samstundes knapt synleg i steinmengda her. Nei, dette ser topp ut seier Forbord oppglødd. Han bur og arbeider på Hellesylt.

Kjøt

På vegen hit var han innom slakteriet Ole Ringdal AS og fekk sponsa ei kasse med kjøtmat til karane frå Nepal.

– Eg fekk kjøtet med helsinga «høgkvalitets langreist arbeidskraft, må få høgkvalitets kortreist kraftkost», smiler Forbord. Sherpakarane losjerer i huset til prosjektleiar Bente Åmbakk, og ho fekk tidleg melding om at rikeleg med kjøtmat og ris må på bordet til karane kjem ned frå fjellet kvar dag.

Vidsyn

Så fullfører vi turen til topps på Saksa, og må berre sanne etter entusiastane i bygda: Ein storslegen topp med utsyn til å gå i kne av. Nede i bygda att møter vi Bente Åmbakk, som er glad for både oppslutnaden og framdrifta.

– Her er ei nesten uskjønleg god dugnadsånd og optimisme. Saksa er no vårt felles mål, men alt verkar inn på alt i ei lita bygd, konstaterer ho.

<strong>Muskelkraft:</strong> Nepalsk muskelkraft, kombinert med samhandling og teknikk, er hovudingrediensane når steinheller av denne storleik skal veltast gjennom gråsteinsurda i høgfjellet. Nede til venstre skimtar ein Flatneset og Sæbøneset ved Hjørundfjorden.
<strong>Saksa:</strong> Her ser ein opphavet til namnet på fjellet, sett frå Maude ved Norangsfjorden. Foto: Knut Arne Aarset
<strong>Lausurd:</strong> Jens Arve Forbord i dugnadsgjengen studerer eit parti der steinen i urda har rausa ut. – Her skal det bli topp å få stabilisert ein sti av stein, seier han. Bak ragar Slogen høgast, over Øye. Urke til høgre. Foto: Knut Arne Aarset