Bildeserie over

I kvar sit hus på Lepsøya, femti meter frå kvarandre, sit tvillingane Agnes Langva og Hilda Kjerstad og strikkar forseggjorde genserar, kufter og selbuvottar. Sunnmørsposten møtte dei først i 1987, då hadde Agnes allereie strikka i 27 år for Husfliden. Då sa dei at «Strikkinga kjem vi til å fortsette med så lenge armane held.» Og 30 år seinare kom vi tilbake for å vitne at dei strikkar den dag i dag.

– Er det so lenge sida? ler Agnes.

Tvillingsystrene har budd på Lepsøya heile livet. Dess eldre ungane vart, desto meir tid vart det til å strikke.

– Eg kjenner at det klør i hendene no, seier Anges, som for augeblikket har lagt ned strikketøyet for intervjuet si skuld.

Strikkar for verda

Folk frå heile verda kjøper kortreist handstrikk på Husfliden i Ålesund.

– Eg seier at så lenge dei vil strikke, så skal eg lage arbeid til dei. Etter det, så trur eg ikkje det blir så mykje meir handstrikk. Tvillingane og ei til dame frå same øya har strikka alt i butikken her, fortel Siv Dragesund frå Husfliden. Husfliden sender kasser med garn og strikkeoppskrifter til Lepsøya, også sender damene kassa i retur med ferdigstrikka klede. Dei har ikkje tidspress på seg.

Sunnmørsposten 1987 Laurdag den 19. desember 1987 skreiv Sunnmørsposten om dei strikkeglade tvillingane. 30 år seinare er strikking framleis ein viktig del av kvardagen. Foto: Marius Simensen

Postbodet kjem

Ute på Lepsøy ringer det på dørklokka til Agnes. Det er postbodet som kjem med ei stor eske.

– Hent saksa, Agnes!, seier Hilda. I eska ligg det mykje garn i alle slags fargar, og flotte bilete av modellar i lekkert ulltøy.

– Gretekofte med rundt berestykke, slik som eg likar, smiler Haldis.

Det er også noko anna oppi eska, som vanlegvis ikkje ligg der.

– Gebursdagsgåve!, smiler dei. Tvillingane fyller nemleg 93 år på søndag. Hilda opnar gåva med ein gong, og finn serviettar og eksklusiv vanilje-te. Agnes legger gåva til sides, for ho vil vente til den store dagen.

– Vi har jo ikkje bursdag heilt endå, seier ho.

– Skulle gitt dei meir

Før i tida fekk dei 29 kroner for ein damegenser, og 33 kroner for ein herregenser. I dag har det auka til om lag 300 kroner genseren.

– Eg syns ikkje at dei som strikka får nok pengar per plagg. Men prisane på kle har ikkje stege så mykje, så ein kan ikkje auke prisen på ullklede heller. Vi skulle gjerne gitt dei meir, men det skal vere mogleg å selje det også, seier Siv frå Husfliden.

Agnes har strikka lengst av tvillingane, ho leverte sin første herregenser til Husfliden i januar 1961.

– Eg bur her aleine, så ein lyt ha noko å styre med.

Agnes slo plenen sjølv fram til ho vart nitti år.

– Det er artig at vi er så friske begge to, seier Hilda.

Godt for helsa

Latteren og praten sit laust, og tvillingane er utruleg kvikke og friske. Strikking inneber ein god del konsentrasjon, og damene meiner at strikkinga har hjelpt dei.

– Eg trur at strikkinga er mykje av grunnen til at vi er så klare i hovudet, for då lyt ein tenke, seier Agnes. Ingen av systrene har heimehjelp, dei klarer seg sjølv. Strikkekunsten hadde dei lært medan dei begynte på skulen når dei var sju år.

– Kor lenge vi held på, det veit vi ikkje. Det kan no hende vi plutseleg går lei, seier Agnes.

– Neste gong avisa kjem på besøk då blir vi hundre år då, ler Hilda. Dei to tek innhaldet i eska og gjeng kvar til sitt for å utfordre seg på nye mønster som skal bli til flotte ullgenserar.

Postbodet kjem med pakke frå Husfliden. Foto: Marius Simensen
Attmed strikkeoppskriftene fann systrene kvar si gåve. Søndag fyller tvillingane 93 år, og meiner at strikkinga kan vere ein av grunnane til at dei held seg so friske og kvikke. Foto: Marius Simensen
Alle vottane på Husfliden i Ålesund, inkludert all anna handstrikk, er produsert på Lepsøya. Foto: Marius Simensen
Det er alltid spennande å få pakke i posten med nye og gamle strikkemønster som systrene kan bryne seg på. Dei har også strikka bunadsstrømper til Bjørn Helge og John Arne Riise. Foto: Marius Simensen
– Neste gong avisa kjem på besøk, då blir vi hondre år då, seier Hilda. Foto: Marius Simensen