Joar Drønnesund frå Ulsteinvik slapp unna med skrekken då han og ein kamerat var på veg heim frå Stryn laurdag ettermiddag. Dei var på veg inn i tunnelen på den nye Kvivsvegen då det frå skråninga over tunnelopninga på Grodås rasa stein og pukk ned i vegbana.

Drønnesund, som jobbar som frilansfotograf, stoppa for å ringe politiet og stogge trafikken som kom ut av tunnelen.

- Det var fleire som kom i stor fart ut av tunnelen som måtte bråbremse, seier Drønnesund til smp.no.

Kunne blitt store skader

Så, like etter han hadde ringt Sunnmørsposten første gong, dundra ein ny og mykje større stein ned i vegbana.

- Hadde han truffe ein bil ville skadane ha vore store, seier Drønnesund.

Han varsla umiddelbart poltiiet, og tjue minutt seinare kom Mesta for å rydde vegbana. Drønnesund trur sjølv det var teleløysing som forårsaka steinspranget.

- Det kom ned mykje vatn i nærleiken av der det sprang ut, seier Drønnesund, som sjølv er skeptisk til korleis det kjem til å gå når store nedbørsmengder er venta inn over Nordvestlandet i morgon.

Fleire ras tidlegare

Under opninga av tunnelen i fjor skreiv Sunnmørsposten om eit jordras på same staden.

Til NRK Sogn og Fjordane seier vegmeldingssentralen at det og har kome ned stein her tidlegare.